Stikkordarkiv: tidstjuv

Fjesboka

«Facebook» burde eg sjølvsagt ha sett som tittel. Men eg har brukt Fjesboka om dette publiseringsfenomenet i mange år, og når lesarane forstår kva eg meiner, ser eg ikkje nokon grunn til å bruka det engelske namnet. I mange år var eg skeptisk til denne måten å kommunisera med omverda på. Det gjekk difor ei tid før eg hengde meg på. Tvisynet på Fjesboka har eg enno; likevel med større innslag av positiv vurdering enn då eg snubla meg inn i dette digitale fellesskapet.

Eg såg tidleg at Fjesboka er ein svært effektiv marknadsføringskanal, ikkje minst for interessegrupper. Medlemene får melding når det skjer noko nytt, og so kan ein raskt sjå gjennom og oppdatera seg. Systemet med å «lika» eller med andre symbol markera kva ein meiner om det sin ser og les, er fiffig og effektivt. Sjølv ein sindig fjordakar kan setja pris på at nokon likar det ein målber på Fjesboka. Ein må berre nett innom for å sjekka litt. Og dermed oppfører me oss slik fjesbokfolka vil.

Det er ein klår føremon å bruka foto eller andre illustrasjonar for å vekkja merksemd. Rein tekst har mindre sjanse til å nå gjennom. Det speglar berre tida vår, der visuelle inntrykk har sterkare gjennomslagskraft enn berre tekst. For ei skrivande sjel er det eit kaldt faktum. Ein kan likevel gle seg over alle dei som er dyktige til å bruka foto- og video-mediet på Fjesboka.

Skikkeleg tidstjuv kan Fjesboka vera. Tidleg må ein læra seg å velja ut det ein vil fylgja med på. Utgangspunktet er at det er uråd å fylgja med på alt som melder seg. Det er er heilt greitt å vita at det er tilfeldig kva ein får med seg. Som elles i livet gjeld det å vera på rett stad til rett tid. Ingen har vorte lukkelegare av å trega på alt ein kunne ha opplevt, dersom ein berre hadde vore til stades.

Share