Stikkordarkiv: tillit

Tillit

Tillit er ikkje berre enkelt. Sjølv vaks eg opp i eit lite bygdesamfunn som var tufta på tillit, men med klåre rammer for kva som sømde seg. Me hadde tillt til dei vaksne og omgjevnadene. Etter kvart som me vart litt større, fekk me tillit og ansvar, og me forstod tidleg at me måtte leva opp til den tilliten som vart vist oss. Det var til gagn for oss. Tilliten var kanskje på kanten til å vera godtruande somme gonger.

Det fyrste skikkelege tillitsbrotet opplevde eg då eg som 14-åring var dreng på det lokale handelslaget på på Lofthus. Eg skulle ha ansvar for å selja bensin frå to bensinpumper og elles hjelpa billistar med å etterfylla olje på bilane, når det trongst. Stundom fekk eg også førefallande arbeidsoppgåver på sjølve handelslaget. Bensinsalet gjekk greitt; folk var hyggelege og takksame for litt hjelp. Ein dag kom ein mann i i ein Opel Kapitän. Han var kledd i svart bukse og kvit skjorte. Truleg var han frå Bergens-kanten. Munnen gjekk i eitt; han fortalte at han skulle eit ærend til Tyssedal. Då eg hadde fylt opp tanken, sa han at han diverre ikkje hadde kontantar på seg. Men han kom forbi dagen etter på veg frå Tyssedal, og så skulle eg få betaling. Eg vart nok litt i stuss; samstundes var det litt fornuft i at han kunne stoppa dagen etter for å gjera opp for seg. Det var mange lokale som handla på krita og betalte seinare på handelsslaget. Eit ord er eit ord; sopass hadde eg lært.

Dagen etter gjekk eg og såg etter bilen. Ingen kom, og ingen stoppa. Pengane kunne eg sjå langt etter. Småkjeltringar og svindlarar hadde eg lese om i romanar og aviser, men aldri møtt nokon i levande live, før denne sommardagen då eg var 14 år. Det var berre å gå til handelsstyrar Brekke og fortelja om det som hadde hendt. Eg stod der so syndene draup av meg. Han vart alvorleg, men ikkje sint. Han forklarte at slikt kunne eg gjera med ukjende folk. Eg hadde nok rekna med at dei tapte pengane skulle takast av løna mi, men nei då, Eg haddde fått ein lærepenge, var litt meir skeptisk og mindre godtruande.

Sidan eg hugsar hendinga so godt, betyr det at ho gjorde sterkt inntrykk. Mangel på tillit, eller mistillit på systemnivå, møtte eg under den store OL-utbygginga på Lillehammer i åra før 1994. Som leiar på Maihaugen og ansvarleg for ei stor utbygging fekk eg mykje med utbyggings- og gjennomføringsorganisasjon LOOC å gjera. Etter mange års samhandling både med kommunar, fylkeskommunar og departement vart eg overraska over den gjennomgåande mistillitshaldninga som kom fram i samhandlinga. I avtaletekstar og kontraktar skein det gjennom at som motpart måtte ein nærast bevisa at ein var eit fornuftig og skikkeleg menneske. «Normalsituasjonen» såg ut til å vera at motparten ville lura LOOC so snart det baud seg eit høve. På ein måte kunne eg forstå det. Samstundes irriterte det meg at ein i utgangspunktet vart so å seia rekna som upåliteleg.

Seinare har eg sett den klåre tendensen til at samhandling i samfunnet i veksande monn er tufta på mistillit, snarare enn på tillit. Ta til dømes institusjonar og organisasjonar som får støtte frå det offentlege. Gjennom ei mengd rapporteringsrutinar må leiinga dokumentera og bevisa at ein kan forvalta offentlege midlar på ein fornuftig og lovleg måte.

Somme gonger høyrer ein om personar i maktposisjonar som forvekslar tillit med lydnad. Dei trur at gjennom det å ha makt, har dei automatisk tillit, og dermed krev dei lydnad. Dei gløymer noko vesentleg: Tillit er noko du får, dersom du fortener det. Tillit må ein arbeida for, heile tida. Tillit kan aldri vedtakast. Du kan heller aldri krevja tillit, det vil alltid mislukkast. Du kan krevja lydnad, men eit samfunn tufta på lydnad utan tillit, er eit fattigsleg samfunn.

Share

GPS-tryggleik og mistillitsamfunnet

Det er nok berre spørsmål om tid før me går rundt med GPS-brikker, i alle fall somme av oss. Påpasselege foreldre kan allereie leggja GPS-sendarar i skulesekkane til borna og på den måten følgja dei på veg til og frå skulen. Dei kan få melding på telefonen når dei forlet skuleområdet og når dei er heime i huset. Barnehagar ordnar med meldingar til småredde foreldre om når poden søv, har skifta bleie, eller kor stort matinntak han/ho har hatt. På den måten får dei mange meldingar i timen med detaljert og dokumenterbar informasjon om korleis barnehagelivet er for den vesle. Då slepp dei bruka tid på å snakka med barnehagepersonalet når dei hentar borna etter ein lang og strevsam arbeidsdag. Arbeidstakarar kan overvakast slik at det kan dokumenterast at dei utfører arbeidsoppgåvene sine på ein skikkeleg måte. Teknologsk er det meste klart for å gjennomføra det totale kontroll- og overvakingssamfunnet.

Eg får nesten dårleg samvit kvar gong eg fortel at eg vaks opp i ei tid og i eit samfunn der me som skuleungar gjekk på sjølvstyr mange timar for dagen. Skulevegen var i underkant av tre km. Me kunne møta både kjende og ukjende folk, ein og annan bil, hestar med kjerre eller reiskap. Heimatt frå skulen brukte me skuleborna ofte lang tid. Det var so mykje me skulle snakka om, undersøkja eller avtala. Ettermiddag og kveld møttest me til leik av ulikt slag, utan at ein einaste vaksen la seg opp i det.

Når eg fortel slikt, er svaret ofte at barndomssamfunnet mitt ikkje kan samanliknast med dei tilhøva som born veks opp under i dag. Det forstår eg sjølvsagt – eller gjer eg det? Eg strevar med å forstå at me er i ferd med å utvikla velferdssamfunnet vårt slik at mistillit ser ut til å vera normalforventning i samfunns-samhandlinga. Og endå er Noreg mellom dei landa der samfunnstillit er best utvikla. Som born hadde me hadde ein grunnleggjande tillit til det samfunnet me vaks opp i. I dag ville me nok ha vorte kalla naive og godtruande. I dag ser det ut til å vera allment tankegods at dersom me ikkje syter for ytre kontroll av stendig større del av omgjevnaden vår, vil det gå oss ille. Trua på det trygge livet er tufta på ei førestelling om at di meir me kan kontrollera, helst heile tida, di større tryggleik får me. Men eg strevar med å forstå at me med høgt utvikla teknologi skal kunna kontrollera og overvaka oss til eit godt samfunn. I mitt hovud kan ikkje velfungerande samfunn tuftast på ein grunnleggjande mistillit, med kontrolltiltak som det viktigaste bindemiddelet i samfunns-samhandlinga.

Framtidspessimisten i meg ser for seg eit samfunn der den eine halvparten av oss kontrollerer alt som den andre halvparten gjer. I mistillitsamfunnet er dette den ideelle maktbalansen. Eg tenkjer med vemod attende på den tida då eg hadde ansvar for ein etter måten stor kulturinstitusjon som fekk driftstilskot frå staten. Det årlege tilskotsbrevet frå departementet var på to-tre sider; storparten av brevet var sitat frå Stortingets løyvingsreglement med ein bodskap om at Riksrevisjonen når som helst kunne koma for å sjå korleis institusjonen brukte og forvalta det statlege tilskotet. Dei som i dag er so heldige å få statstilskot til verksemda si, får eit tilskotsbrev over mange sider med detaljerte føringar og krav i tillegg til endå fleire sider med sitat frå og tilvisningar til Statens økonomireglement. Det er nok godt meint, men samstundes målber tilkotsbreva ein tvil på om mottakarane eigenleg forstår korleis dei kan utøva god styringsskikk. Tilskotsbreva i mi tid var tufta på tillit. I dag kan det verka som om mottakaren heile tida må prova at ho/han ikkje er ein potensiell svindlar eller ein «klakaskadle» i omgangen med offentlege midlar.

Framtidsoptimisten i meg prøver hardnakka å finna positive element i det som skjer rundt oss. Og eg sjølv? Tja, eg er som vanleg litt i tvil. Det er tryggast å vera i tvil om framtida.

Share