Stikkordarkiv: TISA

Ufrivillig samtale

Kanskje er du eit slikt menneske som er flink til å småprata med ukjende personar, folk du vert sitjande saman med på tog, buss og fly, kanskje til og med i ein heis. Du er smilande og venleg, snakkar utan problem om vêret, om noko du opplevde ved frukosten eller andre detaljar som du krydrar samtala med for å skapa ei god stund i lag med ukjende personar. Er du ein slik person, inviterer eg deg til å halda kurs for meg. Slike gonger er eg nemleg ein skikkeleg tasaleist. Eg er hjelpelaus og ukomfortabel i situasjonar der eg sit saman med ukjende personar, og dei prøver å starta ei samtale som om me har kjent kvarandre i mange år. På stakkato vis støyter eg einstavingsorda ut or munnen, medan eg klistrar ein stiv smil i ansiktet. Stundom må eg ta meg saman for ikkje å verka direkte uvenleg. Eg undrar på kvifor ikkje alle personar har ei utedør, slik som eg har i slike situasjonar. Med beste vilje prøver eg å forstå at for somme er det heilt naturleg å leva i eit hus med berre opne vindaugsflater og i tillegg ha ljoskastarar frå utsida.

Som togpendlar i fleire år hende det av og til at eg vart sitjande ved sida av venlege og pratsame personar. Slik som den gongen eg vart sitjande ved sida av ei dame som utan vidare begynte å fortelja om dotter si. Ho var so dårleg på å velja kjærastar. Det vart problem etter kort tid. Tydelegvis hadde dottera opplevt eit traumatisk brot heilt nyleg, og mora ville absolutt innvia meg i dei triste detaljane. Eg kjende med heile meg at dette hadde eg absolutt inga interesse av å vita. Eg vart stivare og stivare i maska og ropte nesten høgt av glede då mobiltelefonen min ringde og eg kunne flykta unna dei dramatiske kjæresteridetaljane. Heldigvis gjekk dama av på neste stasjon.

Då var det faktisk enklare å handtera den berusa karen som hadde drukke seg til mot, eller som hadde feira eit eller anna. I alle fall var han prega av høgt alkoholinntak. Han mumla noko om at no kom han til å få dugeleg med kjeft når han kom heim. So vende han seg mot meg, tok mål av meg med augo, lente seg over og undra på kor langt eg skulle. På ein høfleg måte sa eg at eg skulle til endestasjonen, Lillehammer. Deretter vart det fullt forhøyr om kva eg arbeidde med. Eg prøvde meg med eit generelt svar om at eg var i eit departement, men karen skulle ha full arbeidsadresse. Då eg sa eg arbeidde i Kulturdepartementet, vart det stille. Det kom ein grytande kommentar om at det er mykje rart ein skal bruka skattepengane på. Dermed var eg uinteressant og resten av togturen gjekk for seg på fredeleg vis. Etterkvart tok han seg ein skikkeleg lur, slik togpendlarar skal gjera.

No skal det seiast at dei fleste togturane vart eg sitjande ved sida av personar som likna meg; dei heldt munn og var opptekne av å vera usynlege. Etter alt å døma må eg ha svært sære interesser, og det gjer det nærast statistisk umogeleg å møta ein ukjend person på toget og koma lett i prat med vedkomande. Hadde han/ho teke opp ein samtaletråd om slåttespel på nedstilt bass i Hardanger, kunne det ha vorte ei triveleg stund. Eller hadde han eller ho starta ei samtale om kvifor kulturlivet i Tyskland bråkar og går i protesttog mot dei pågåande TISA- og TTIP-forhandlingane, medan kulturlivet i Noreg tilsynelatande knapt veit kva det dreier seg om, ja, då kunne det ha vorte  ei interessant samtale. Sannsynlegvis ville togturen ha vorte for kort. Med statistikken i mot meg er nok konklusjonen klår som sota glas: eg treng eit kurs i å småprata med ukjende personar, korkje meir eller mindre.

Share