Stikkordarkiv: toget

Fraktgods

Eg trivst som fraktgods
på tog,
ekspertar seier at
me togbrukarane er
dei dyraste for samfunnet,
dei som syg mest ut av
felleskassen,
ekspertar seier so mangt,
nett no er eg min eigen
velværeekspert,
der eg velsubsidiert
duvar av garde
på skinner
i eit elektrifisert
framkomstmiddel.
Det er nesten som å
sveva langs Sørfjorden
ein maidag når fruktblomen
slår nokon kvar i svime.
Men berre nesten.

Share

På toget

Omverda strøymer mot meg
med hastande vengeslag,
flyg rett mot meg,
smett forbi
i same augneblenken
som eg
går i eitt med
alt som
oppsøkjer meg.

Eg rører meg raskt
mot omverdsfuglen,
han kverv
i same augneblenken
som augo mine
omfamnar
heile kroppen.

Slutt på
togturen
– eg går sakte
i møte med
alt det ukjent
kjende,
kverv inn i
framtidssoga.

Share