Stikkordarkiv: togreise

Den siste avisokanar

Du har heilt rett, det er ingenting som heiter «avisokanar». Men eg treng ordet til denne vesle teksten, og då får det vera greitt at eg lagar det. Det hadde seg slik at eg nyleg reiste med toget att. I yrkesaktiv tid var togeise mellom Lillehammer og Oslo eit fast gjeremål som strukterte arbeidsvekene mine. No er togreiser meir for fritids-syssel å rekna. Eg sette meg på den vanlege plassen. Vanar skal ein ikkje endra på. Eg tok fram avisene som eg hadde fiska med meg då eg gjekk heimanfrå. Aviser no til dags er nok sterkt anorektiske samanlinkna med dei papirmengdene eg kunne sitja med berre for nokre år sidan. Etter ei lita stund kikka eg rundt meg og kunne konstatera at eg var den einaste i togvogna som sat med fysiske aviser. Alle var opptekne med å lesa, men augo var retta mot telefonen, nettbrett eller pc. Sannsynlegvis sat mange av dei og las aviser, slik som eg, men dei var heildigitale i omgangen med avisene.

Det var då eg kjende meg litt avvikande og fekk assosiasjonar til boka om «Den siste mohikaner», denne klassiske indianarforteljinga av James Fenimore Cooper (1789-1859) som gutungar i mange tiår saug til seg. Det er berre tittelen som har ein ytre likskap med ein godt vaksen eks-byråkrat som enno les fysiske aviser. Eg kjende meg som eit raudlistetrua eksemplar av manneætta som enno finn hugnad i å bla i fysiske aviseksemplar. Eg kjende meg som ein siste «avisokanar».

No skal eg ikkje gjera meg betre enn eg er; eg har òg digital tilgang til avisene eg abonnerer på. Det gjer at eg kan lesa aviser når det måtte passa meg, berre eg er på nett. Og ja, det er effektivt med tanke på å skaffa seg raskt oversyn over nyhende. Men – og det er eit stort men – når eg skal lesa lengre artiklar og utfyllande analysar, vil eg helst halda i den fysiske avisa. Kvar gong eg les om rapportar som hevdar at me lærer meir og betre når me les i fysiske bøker/publikasjonar enn når me les digitale tekstar, so lèt eg gleda ta meg. Då veit eg at eg vaks opp i den rette tida, då tilgangen på det trykte ordet på papir nådde uhorvelege mengder. Dei papirbaserte publikasjonane og kunnskapsmengdene kan likevel på ingen måte konkurrera med dei ufattelege tekstmengdene som no står til disposisjon for oss i nettheimen. Den største utfordringa no er å velja det som er seriøst og faktabasert og sjalta ut alt som ikkje held mål.

Attende til lese- og observasjonsstunda på togreisa mi. Den sette i sving tankane mine. Og ikkje minst, eg fekk eit påskot til å skriva om eit ord som ikkje eksisterer, og som aldri nokon gong kjem til å få innpass i norsk språk. Meir kan ein seniorbloggar ikkje forlanga på ein aprilfredag.

Share