Stikkordarkiv: UiB

1972 – eit snublande år

Somme år har festa seg betre i minnet enn andre. 1972 er eit slikt år for meg. I desember 1971 hadde eg levert inn dei siste kapitla av magistergradsavhandlinga mi om fossegrimen og nøkken. Etter planen skulle eg ta eksamen våren 1972. Vintermånadene gjekk med til å pussa på teksten, teikna ut kart som viste korleis kjeldematerialet spreidde seg i Noreg og skriva ei omfattande litteratur- og kjeldeliste. Kring påsketider kunne eg leiga nokon som kunne få det handskrivne produktet over i maskinskriven form. Så overtok instituttet med kopiering og produksjon av nødvendige eksemplar.

Som magistergradsstudent skulle/måtte eg sjølv laga pensumlista som skulle liggja til grunn for eksamen. Eg hadde bra med tid til å setja meg inn i relevant og ny litteratur og hadde god kontroll på dei viktigaste tidsskrifta som eksisterte på den tida. Slik sett trur eg pensumlista mi var minst like stor utfordring for eksamenskommisjonen som meg sjølv.

På den tid trur eg det var tre skriftlege eksamensdagar, ein kort på åtte timar og to på 10 eller 12 timar. Eg hugsar me kunne kjøpa middag dei to lengste dagane. Eksamen vart avslutta med ei prøveforelesing og ein munnleg eksaminasjon. Eg fekk ei veke på å førebu prøveførelesinga. Vinteren 1972 var eg timelærar i norsk for ein klasse i ungdomsskulepensum på Friundervisninga. Sjølvsagt laga det seg slik at klassen skulle opp i munnleg eksamen same veka eg skulle førebu førelesinga. Heldigvis fekk eg eit emne for førelesinga som eg på den tid var relativt åleine om å kunna noko om. Dermed gjekk det greitt.

Med magistergrad i folkloristikk (som den fyrste ved Universitetet i Bergen) var ikkje arbeidsmarknaden spesielt innlysande. Eg hadde sjølvsagt tinga Norsk lysingsblad den våren, og der dukka det opp styrarstilling på Valdres folkemuseum på Fagernes. I studietida hadde museum ikkje vore i tankane mine. Eg sende likevel ein søknad, og som åleine søkjar fekk eg på seinsommaren tilbod om å verta konstituert eitt år, sidan eg ikkje hadde museumspraksis. Ein kompliserande faktor var at eg skulle gjera militærtenesta mi etter ferdig utdanning. Det ordna seg slik at eg fekk eitt års permisjon frå militæret for å kunna ta det eine året på museet. Dermed flytte ein liten familie på tre frå Åsane i Bergen til Leira i Valdres dei fyrste dagane i september 1972. Slik snubla eg for 50 år sidan litt tilfeldig inn i museumsverda, der eg seinare fekk vera med på mange arbeidsoppgåver.

Share

Eit 50-års minne

Hausten 1970 var eit tidarvende på mange måtar. Etter fullført cand.mag.-grad skulle eg bestemma om eg skulle gå vidare med norsk hovudfag (med språkanalyse som tema) eller magistergrad i folkloristikk. Den opphavlege tanken om å verta lektor i gymnaset hadde vorte meir og meir frynsete i kanten. Eg brukte difor ikkje so lang tid til å falla ned på folkloristikken. Sjølv om framtidsutsiktene var litt usikre med ein magistergrad, tok eg likevel sjansen.

Til avhandlinga mi trong eg gå gjennom mykje litteratur, ikkje minst for å få tak i trykte folkeminnesamlingar. Eg fekk meg halvtidsjobb som bokhentar på Universitetsbiblioteket. Dermed fekk eg direkte tilgjenge til det store bokmagasinet. Når eg var ferdig på jobb kl. 12.00, kunne eg bruka so mykje tid eg orka på å gå direkte i hyllene og sjekka relevant litteratur. Dermed sparte eg mykje tid. Normalt skulle eg ha leita opp litteratur i eit kortkartotek, deretter fylt inn bestellingsskjema og so venta til neste dag før eg fekk bøkene utleverte. Som bokhentar på halvtid gjorde eg leitinga etter relevante tradisjonssamlingar ferdig på seks månader. Då kunne eg slutta som bokhentar og konsentrera meg fullt og heilt om å skriva.

Eg kan enno hugsa kjensla av å lukkast kvar gong eg kom over materiale som eg trong til arbeidet mitt. Då var det å skriva av på eit kartotekkort og setja kortet inn i systemet mitt. I to år fekk eg oppleva ein gjevande skriveprosess i dialog med rettleiaren min, Reimund Kvideland. Eg leverte kapittel med jamne mellomrom, og han kommenterte skriftleg og munnleg. Me hadde kontakt nesten dagleg i skriveperioden. Seinare forstod eg at eg hadde opplevt ein draumesituasjon: å vera den fyrste magistergradsstudenten i eit fag og i tillegg ha ein rettleiar som verkeleg brydde seg.

Og resultatet? Ei avhandling våren 1972 med tittelen: «Tradisjonen om fossegrimen og nøkken. Ein genre-analytisk studie». Vart publisert som fyrste avhandling i ein planlagt serie «Folkloristiske studiar» ved Universitetet i Bergen. Det kom aldri fleire publikasjonar i den serien. Avhandlinga vart kanskje lesen av 10 personar, inkludert eksamenskommisjonen. Ho fungerte likevel som ein grei sveineprøve. Då eg rydda i samlingane mine i samband med flytting, fann eg det handskrivne originalmanuskriptet med Kvidelands kommentarar. Eg hadde ikkje hjarte til å kvitta meg med papirbunken. Han inneheld for mange positive minne om ein 50 år gamal prosess.

Share