Stikkordarkiv: umerkande

Små augneblinkar

Det er råd å samla på
små augneblinkar,
solglyttar gjennom
skyene,
kvitring frå fuglar om
våren,
klukking av vårkåte
bekker,
synet av dei første sjnofjonene som
lyser opp seinhausten,
smilen frå kassadama
på butikken,
ein kort nikk frå kjenningen
i gata,
tonane frå ein dyktig
gatemusikant,
synet av eit ungt par som berre
ser kvarandre,
glade barnerøyster på veg
inn i livet,
vage minnebilete om alt som
kunne ha vorte, men som
smatt ut i ingenting

alle desse små, umerkande
stundene som
kjedar seg saman
til eit liv

små, små augneblinkar.

Share

Varsam med livet

Han skreik litt då han vart fødd,
aga seg som barn,
var flink på skulen,
tok den utdanninga
foreldra ville,
heldt seg unna fjas og fest,
smilte lurt kvar gong
jamaldringar stifta familie
og skilte seg,
betalte rekningar i rett tid,
heldt alltid fartsgrensa,
fekk pengar attende på skatten,
såg dagane gå
i ein jamn dur,
slik han gjekk, kvar dag,
til den same arbeidsplassen,
helsa alltid god morgon
på kollegaer,
åt nista si kl. 11.30
saman med dei andre i kantina,
budde heime so lenge foreldra
levde,
budde heime etterpå også,
sa takk då han fekk godord
siste arbeidsdagen,
gjekk heim,
tenkte på det han lærte
som gutunge:
ver varsam,
og det skal gå deg
godt.
Einsam og i fullførd
varsemd
drog han til slutt
det siste andedraget,
umerkande og varsamt.

Share