Stikkordarkiv: ungdomshus

Ungdomshusminne

Krossvoll

Ungdomshuset Krossvoll (bygt 1901), slik det såg ut dei fyrste ti-åra. Foto: Hardanger og Voss museum/Thorstein Lofthus

Hausten 2015 var eg i barndomsbygda mi, Lofthus, på ei tilstelling i det staselege ungdomshuset Krossvoll. Underleg korleis møtet med eit ungdomshus sette i gang minnekverna, og små glimt frå ungdomstida melde seg. Eg kom i hug fyrste gongen eg var på dans der. Eg skulle eigenleg ikkje ha vore der. Det hadde seg slik at far skulle vera med på ei tilstelling som Hardanger spelemannslag stod for. Dei skulle ha konsert og dans. Eg var berre 11-12 år, men far meinte eg kunne vera med på konserten. Avtala var at eg skulle gå heim straks konserten var ferdig. Konserten tok slutt, og spelemannslaget gjorde seg klare for dansespel. Far var fullt oppteken med praktiske ting, og eg vart sitjande for å sjå litt på dansen. Men so fann eg ut at eg òg ville dansa. Eg hadde gått på leikkurs i ungdomslaget om vinteren, og dessutan hadde far og moster mi lært oss ungane å dansa på kjøkengolvet heime. Eg strente over golvet og baud opp ei eldre jente som eg visste var god å dansa. Me svinga oss gjennom ein reinlendar, medan konene på sidebenkene glytte på oss og stakk hovuda saman. Straks reinlendaren var ferdig, kom far og gav kontant melding om heimferd. På Hedland kom mor i motar; ho undra på kvar det hadde vorte av meg. I dag hadde kanskje tilburden resultert i ei bekymringsmelding til barnevernet.

Ungdomshusa var arena for ungdomsmøte med vaksenlivet. Der kunne blyge jenter og gutar sitja i kinomyrkret, stivt stirande på filmen, medan trivlande hender søkte kvarandre i von om at den andre handa ikkje trekte seg brått attende. Der kunne guten våga seg til å spørja om ein dans til, og kanskje endå ein. Som oftast sprang jenta småskrattande attende til veninnene so snart den fyrste dansen var over. Og ja då, der kunne unggutar stå tvikrokete ved husnova, medan dei gav hals etter ukritisk inntak av tvilsame drikkevarer. Og der stod den purunge guten og såg fortvila korleis nasablodet draup ned på den kvite skjorta han hadde fått til konfirmasjonen. Nokre ukvemsord hadde resultert i eit nasedrag frå ein eldre gut han knapt visste kven var. Tankane surra rundt det eksistensielle spørsmålet: kva ville mor seia neste morgon?

Ungdomshusa var arena for livsutfalding med stor spennvidde. Den som hadde sansar nok til å betrakta livet i og utanfor ungdomshuset ein laurdagskveld, kunne observera korleis livsglede, kåtskap, vonbrot og tagal fortviling utfalda seg i forgarden til vaksenlivet.

Festane på ungdomshuset var kjærkomne avbrot frå kvardagslivet både for ungdom og vaksne. Endå eit minne frå Krossvoll kjem smygande. Far og eg spelte til dans på ein av dei faste bygdafestane. Det leid litt på natta, og stemninga på dansegolvet var god. Då skar ei røyst gjennom det oppglødde drøset: «Spel ei polka, Jon!» Vetle-Nils stod raudmussa og blid medan han heldt vyrtaleg rundt kona si. Me drog opp ei polka, og Vetle-Nils peiste på og dansa. Mange andre heiv seg ut i dansen, og det vart ei av desse gode spelemannsstundene då me merkte at musikken nådde fram til danseglade folk som brukte dei delane av kjensleregisteret som fortel for all verda at livet leikar. Me burde nok dansa meir, nokon kvar.

Share

Laurdagsdans frå scenekanten

I gamle dagar spelte eg ein del til dans, slike vanlege laurdagsdansar på ungdomshusa. Det hender eg spelar til dans no òg, men denne teksten er om dans i ungdomshuset tidleg på 1960-talet, dvs. i skikkeleg gamle dagar. Me musikarane var oppstilte på scena og hadde godt oversyn over det som skjedde i salen. Det var nok somme i salen som trudde dei var godt skjerma når det var trengsel på golvet. Men nå nei du gut, me såg nok litt av kvart som var meint å vera smådulgt. Heldigvis for mange har eg gløymt det meste.

Regien på ein slik laurdagsdans var etter måten fast. Lite folk til å begynna med på kvelden. Ei rekkje med jenter sat benka på eine sida. Dei fleste gutane heldt seg utandørs, dei skulle fyra opp mot til å entra dansegolvet. Me kunne ikkje rekna med stor aktivitet på golvet den fyrste halvtimen. Nokre få par, som tydeleg likte å dansa, dreiv på. Somme av jentene dansa med kvarandre medan dei glytte mot døra for å sjå om gutane hadde kome så langt i oppfyringa at dei vågde seg inn på dansegolvet. Etter kvart seig det inn med folk. Nesten umerkande vart det meir og meir liv på golvet. Me på scena kunne i gode stunder kjenna pulsen og stemninga når me trefte med musikken vår, og salen var som ein kvervel som snudde rundt seg sjølv. Slike stunder var stor stas for oss på scenekanten.
 
På den tid heldt gut og jente i kvarandre når dei dansa. Ikkje slik som på dans no for tida, der eg har forstått at folk dansar for seg sjølve og med seg sjølve. Kanskje har det noko med at i dag tek me på kvarandre heile tida; klemmar vankar det tidt og ofte. Til og med karar er på klemgaleien med kvarandre. Slik sett er det berre logisk at folk dansar åleine når dei er på dans no for tida. Med all den kroppskontakten som dei opplever i dagleglivet, kan det vera greitt å sleppa slikt når ein er på dans og skal kosa seg, med seg sjølv.
 
Men attende til den tida då dansing ofte var den einaste påskotet ein hadde for å få kroppskontakt med det andre kjønnet, i alle fall når andre såg på. Somme gonger heldt gut og jente saman på ein måte som om begge to var redde for å brenna seg. Det vart nok ikkje mange dansane av slikt. Ein annan gong var karen så nærgåande at eg såg jenta stoppa tvert opp, trampa i golvet, snudde seg på hælen og forsvann ut. Ikkje mykje bryllaupsspeling å spora der i garden, nei. Men det hende nok at me kunne ana bryllaupsspeling i ei framtid, spesielt når me såg korleis det drog seg til i dei tre siste dansane.
 
Det var ikkje mykje likestilt oppbyding til dans. Jentene baud sjeldan opp. Dei måtte i staden sitja og venta på at nokon kom og ville ha ein dans. For dei fleste ordna det seg nok greitt med dansing. Det kunne likevel gå slik som eg fekk fortalt nyleg. Ho var ikkje særleg lysten på å dansa, men sat no i benkerekkja i lag med dei andre jentene. So kom det ein kar og baud opp. Det kom nok litt uventa på, og litt forfjamsa stotra ho fram: «Det er kaldt og myrkt, og so veit eg ikkje heilt». Danselysta kvarv frå den oppbydande karen. Om ho nokon gong fann ut at det var ljost og varmt nok til å våga seg frampå i ein dans, seier soga ingen ting om.
 
Kanskje var ho mellom dei, både jenter og gutar, som vandra heimatt om natta med ein liten sår klump i magen. Dansing hadde det ikkje vorte så mykje av, og i alle fall ikkje med den som ein hadde vona då ein tidleg på kvelden hadde gått inn døra på ungdomshuset. Kanskje var ho mellom dei som sette seg ned med Ønskekonserten på måndagskvelden. Der kunne ho pensla kjenslene med  «Only you» og Prøysens «Du skal få en dag i mårå», medan ho tenkte at neste laurdag er det dans i grannebygda.  Me på scenekanten såg dei var der i salen. Dei sat trugne på sidebenken, og ofte gjekk dei einslege ut døra når dansen var over. 

Salen tømdest for folk, og det gjekk ikkje lydlaust for seg. Somme av karane hadde fyrt opp litt vel mykje og måtte stundom ha hjelp ut i fri luft. Me på scena var fullt opptekne med å pakka saman instrument og forsterkarutstyr.  For oss stod det att å krypa inn i soveposar bak på scena eller fylgja heim til vertskapet som skulle hysa musikken. Sutalause tider i grunnen, der ein kunne betrakta livet, leiken og dansen frå ein scenekant.
Share