Stikkordarkiv: Valdres

«Huga på rein bil?»

I gamle dagar hadde eg ord på meg å vera litt alvorleg. Finske, kvinnelege kollegaer kalte meg «steinansiktet». Ei lokalavis på Lillehammer introduserte meg ein gong på denne måten: «Velure er ikke spesielt festlig». Observasjonane var nok rimeleg presise. Det vil vera lygn å seia at eg har vorte meir sprudlande med åra. Men på eitt område trur eg det har vore framgang; det skal ikkje så mykje til for å gle meg. Små, kanskje uviktige detaljar, kan setja i gang gledereaksjonar.

Her om dagen skulle eg forflytta meg frå Lillehammer til Hardanger, nærare bestemt Granvin. For ein gongs skuld bestemte eg meg for å reisa kollektivt. Det var i grunnen lagleg, sidan bussen nesten gjekk frå dør til dør med grei korrespondanse mellom rutene. På denne måten kunne eg sjå utover landskap og grender på ein heilt annan måte enn når eg køyrer bil sjølv.

Då bussen køyrde gjennom Fagernes, vart augo mine sogne mot eit skilt på ein bensinstasjon.»Huga på rein bil?», stod det. Dermed kjende eg ei bivrande språkglede. Eg kom i hug uttrykket «huga på» frå barndomen min. Me brukte det likså vel som «å ha lyst på», «vilja ha» o.l. Eg kunne godt seia til foreldra mine at eg var huga på iskrem eller sjokolade ( berre ei hende gong då, sjølvsagt).

Medan eg sat på bussen og naut synet av landskap og grender i Vestre Slidre, tenkte eg på den kreative språksjela som hadde teke i bruk uttrykket «huga på» i samband med bilvask. Ho eller han fortener godord og skryt. Hadde det stått eit oppslag på engelsk, ville eg ikkje ha vorte direkte forundra. Eg ville berre ha sukka innvendig og tenkt at jaja, Fagernes er på veg til å verta ein språkleg forstad til London, slik me ser det mange stader i dette landet. I staden kunne eg kjenna språkgleda strøyma gjennom ein bussboren kropp som vart frakta gjennom fagre Valdres. Hadde eg budd på Fagernes, ville eg garantert ha vaska bilen på denne stasjonen.

Denne vesle språkgleda på Øst-Vestekspressen illustrerer kor lite som skal til for å bruka vanlege kvardagsuttrykk og ord i dei fleste samanhengane. Kvardagsspråket vårt har eit rikt tilfang. Det er berre snakk om vilje og litt kreativ kunnskap for å kunna uttrykkja seg med vanlege norske ord. Neste gong det høver seg slik, skal eg jammen spørja: «Huga på ein klem?». Svaret skal eg nok halda for meg sjølv.

Share

Abba

Du tenkjer heilt feil dersom du trur at dette er ein tekst om den svenske pop-gruppa ABBA. Eg fekk nemleg ein sprø idé om å skriva ein enkel tekst om det fyrste oppslagsordet  i Norsk Ordbok. Dette tenkte eg før eg hadde sett kva ord det var. Om eg ikkje reknar med bokstaven ‘a’ og ulik dialektbruk av ‘a’, er det fyrste ordet  abba og abbast. Det står oppført som verb frå Valdres, og det tyder ‘å stri med’, ‘dragast med’. Om vêret kunne det seiast at «det abbar så med det«, i meininga ‘veret er utrygt’. Eit anna uttrykk er «han har skilleg noko å abbast med». Det forstår me utan vidare. Eg veit ikkje om verbet vert brukt i Valdres i dag. Men fenomenet er til stades for oss alle; me har alle vårt å streva eller dragast med.

Eg kom til å tenkja på den næraste månaden, fram til stortingsvalet er over 11. september. Då skal me dragast med politikarar som gjer seg lekre for oss, som skal overtyda oss om at dei har gode løysingar på både reelle og fiktive utfordringar. Me skal abbast med kandidatar som stendig går i strupen på kvarandre for å visa oss tilskodarane at dei kan tyna kvarandre, i alle fall verbalt sett. Det er mogeleg at eg har opplevt for mange valkampar, men det går lenger og lenger tid mellom dei gongene eg opplever at valkampduellar liknar på ei opplyst og opplysande samtale. Når duellantane set i gang med å ramsa opp dei innlærte formuleringane, når dei slår kvarandre i hovudet med slagord og pratar i munnen på kvarandre, går rullegardina ned hjå meg. Då set meg til med Faktisk.no for å sjå kva kritisk journalistikk kan gjera, nettopp for å opplysa oss. So langt har dei ulike artiklane der stått for den positive opplevinga i den begynnande valkampen.

No er det vel slik at politikarane våre berre reflekterer det samfunnet me lever i. Opplyst og opplysande samtale er ikkje noko mål. Det gjeld å «ta» motstandaren framfor å forklara eigen politikk. Det finst nok heiderlege unntak, men dei er so absolutt i mindretal. Kanskje kunne det vera ein idé i slike valkampperiodar å søkja seg inn på kurs for å verta det andre oppslagsordet  i Norsk Ordbok. Du undrar kanskje kva det er. Jau, det er abbed. No er det vel mange av oss som ikkje maktar å leva opp til alle kravspesifikasjonane. Men reint teoretisk kunne kanskje eit klosteropphald på abbedkurs gjera godt for nokon kvar. I alle fall ville det ha vore ei eksotisk avveksling frå norsk valkamp. Men, abbedane har nok sitt å abbast med, dei òg.

Gravityscan Badge

Share