Stikkordarkiv: vanleg

Ein heilt vanleg kvardag

Ein klaskande lyd utanfor inngangsdøra fortel at naboen har henta avisene i dag òg. Han delar morgon-energien med meg. Avisene fortel om nytt frå i går, medan dei nyaste nyhenda strøymer ut av radioen. Kaffitraktaren snøftar fram lyden av frukost i kjømda. Telefonen tonar ut ei helsing frå nyvaken person på annan stad. Frå postkassen dett det ut ei og anna rekning saman med lokalaviser frå Hardanger. E-posten melder om gjeremål i vente, reisebillettar og kvitteringar. Ulike typar meldingar på telefonen må sjekkast og svarast på. Tekstar må skrivast. Fjesboka sladrar om åremålsdagar, flotte turar, imponerande landskap, forførande vakre solnedgangar og velsmakande måltid. I samfunnet utanfor ventar ærend, småsaker må ordnast, innhaldet i kjøleskåpet må supplerast, rekningar betalast. Næringsinntak ordnar seg innimellom. Ein kort runde med sentralstøvsugar gjev inntrykk av ordna tilhøve i heimen. Det same gjer lydane frå vaskemaskin og oppvaskmaskin.

I kveldinga vaknar den store skjermen i stova til live og sender Dagsrevyen ut i rommet i ein freistnad på å nå gjennom til eit halvsovande medvit. Dokumentarprogram på NRK2 skaper inntrykk av at ein held oppe ei viss interesse for alt som er skakt og rangt i samfunnet, i heile den store verda. Kan ikkje løysast her og no, i alle fall ikkje av meg åleine. Svevnen melder seg med aukande styrke. Ei varm og kjærleg telefonrøyst ynskjer god natt. Kropp og sjel krullar seg saman i nattemørkeret; lèt svalande svevn sveipa seg inn i voner om å oppleva ein ny, heilt vanleg kvardag.

Share