Stikkordarkiv: vår

Stinklande netter

Naturen er raus og
leikande,
lèt frosten
spela med vasspyttane
i stinklande netter,
gjer vatnet om til
tunt lag av is,
blankt, hålt og
kaldt;

på dagtid prøver sola
å ta attende vatnet
frå den frosne forma,
la vatn vera berre
flytande vatn;

frosten smiler stivt og
kjøleg,
veit med seg sjølv
at stinklande netter
ber bod om at no
framover skal han, frosten,
vera i førarsetet;

sola geispar bleikt,
vel vitande at
frostriket ikkje varer
evig,
i alle fall ikkje lenger
enn til neste vår.

(«Stinkla» er dialektord som beskriv at det legg seg tunn is på vassflater)

Share

Vårgrå grus

Tunet var dekt
av snjo og is,
slik det høver seg
her nord,
vinterstid.
I går endra tunet seg,
det stakk fram litt
grus,
is og snjo minka,
gråe grusen breidde seg,
godgjorde seg i sola,
kviskra farvel til
kulde og snjo,
ropte ut til omverda:
her kjem eg fram på nytt,
vårgrå grus,
traust og trygg,
knirkar under føtene,
varslar om
vår i vente.

Share