Stikkordarkiv: vasspytt

Stinklande netter

Naturen er raus og
leikande,
lèt frosten
spela med vasspyttane
i stinklande netter,
gjer vatnet om til
tunt lag av is,
blankt, hålt og
kaldt;

på dagtid prøver sola
å ta attende vatnet
frå den frosne forma,
la vatn vera berre
flytande vatn;

frosten smiler stivt og
kjøleg,
veit med seg sjølv
at stinklande netter
ber bod om at no
framover skal han, frosten,
vera i førarsetet;

sola geispar bleikt,
vel vitande at
frostriket ikkje varer
evig,
i alle fall ikkje lenger
enn til neste vår.

(«Stinkla» er dialektord som beskriv at det legg seg tunn is på vassflater)

Share

Isjøkulen

Kulden har hjelpt
isjøkulen å festa seg
i fjellskrenten,
han heng der
og godgjer seg i
bleik vårsol,

i spissen skil det seg ut
ein drope som
formar seg, fyller seg,
før han ramlar ned,

langt der nede
lagar dropen ein vasspytt
i lag med andre dropar,
vatn møter vatn,

pytten veks,
finn seg vegar ut,
klukkar fram
rennande lydar av liv,

isjøkulen minkar,
er snart berre ein
våt flekk på berget

oppdraget er ferdig,
endå ein gong
har isjøkulen skapt
livgjevande vårdropar.

Share