Stikkordarkiv: Venelaget Olav H. Hauge

Mitt Hauge-dikt

Mange av oss søkjer til lyrikk når me skal finna ord som på ein konsentrert måte gjev oss nye tankar, nye perspektiv på tilværet og, i beste fall, ny innsikt. Olav H. Hauge (1908-1994) er ein av storkultane i norsk lyrikkhistorie, og me er mange som stendig søkjer inn i dikta hans. Sjølv er eg spesielt glad i dei korte dikta hans, der han på ein naken måte og med få ord inviterer oss ut på eit hav av assosiasjonar om ulike dimensjonar ved det å vera menneske.

Det er skipa eit eige lag for å fremja interessa for diktinga hans, Venelaget Olav H. Hauge; sjå heimesida til laget http://www.venelagethauge.no/. På Fjesboka er det også ei side som på ulikt vis prøver å visa mangfaldet og spennvidda i Hauges dikting. Nyleg starta me opp ein uhøgtidleg serie som me kallar Mitt Hauge-dikt. Meininga er at ulike personar skal fortelja kort om eit Hauge-dikt som  betyr eller har betydd noko spesielt for han eller henne. Me kan godt seia at me vil visa korleis lyrikk kan bety noko i kvardagane, som me har mest av her i livet. Serien kan ein finna på denne lenkja: https://www.facebook.com/groups/274612409260192/.

For å visa korleis eit Hauge-dikt kan spela ei rolle i ein heilt spesiell situasjon, publiserer eg mitt bidrag. Teksten vert tilgjengeleg samstundes som bloggtekst og som ein litt avkorta tekst på Fjesbok-sida til Venelaget.

DIKT I DAG (FRÅ «DROPAR I AUSTAVIND»)

Dikt i dag er billege,
billege å laga,
billege å kjøpa,
på lag som trebilar
og plastfly til ungane.
Ikkje kostar dei mykje
hovudbrot heller, –
dei greider seg godt utan fjør,
men har dei det,
er det gromare.
Ungdomen ser på ordi
som byggjeklossar,
og kan få til
dei utenkjelegaste ting.
Men kan dei med
tankens terningkast
snu vår ætts lagnad?
Å høkra ut visdom
frå Bibelen og Talmud
er greidt og nyttig,
elles kan alt brukast,
sjølvsyn òg,
enno finst det ei bjørk
som er krokut,
og grannen har eit ordtak
etter far sin.
Tyskarane lagar dikt
enklast og billegast,
japanarane er heller
ikkje burte,
endåtil keisaren deira
skal ha laga yver tusen stykke,
men det er vel ikkje
for sal.
Mao Tse-Tung sender
dikti sine ut: sterke
uppsongar, trugande
varsel,
og gjer ordi
til røynd.

Det er nok ikkje dette diktet eg oppsøkjer oftast hjå Olav H. Hauge. Det har likevel fått ein spesiell plass i minnet mitt. Våren 1970 tok eg eksamen i nordisk språk og litteratur mellomfag ved Universitetet i Bergen. Andre eksamensdagen skulle me analysera dikt. Eg møtte opp litt molefonken fordi eg var misnøgd med fyrste eksamensdagen. Då me fekk oppgåvene, kvikna eg til. Dette diktet lyste i mot meg, og eg kjente korleis heimlege, litt underfundige formuleringar gav meg hugskot til å reflektera over diktet. Det er ikkje eit kort dikt, men Hauge brukar dei korte, presise formuleringane sine til å opna opp mykje innhald. Diktet inneheld kommentarar til samfunns- og kulturutviklinga frå slutten av 1960-talet og er slik sett meir direkte knytt til dagsaktuelle tilhøve enn det me ofte kan oppleva hjå Hauge. I alle fall, det er vel den einaste gongen eg har hatt ei kjensle av velvære på ein eksamensdag. Sensorane må ha likt det dei las, fordi resultatet denne dagen var med på å gje meg ein brukande sluttkarakter.

Share