Stikkordarkiv: vestlandsvegar

Pøysetid

Det er vel kanskje berre hardingar og vossingar som forstår tittelen på denne teksten, og kanskje berre den eldre generasjonen. Jau, ser du, pøyse er det same som vasspytt, dette fenomenet som i so rikeleg monn velsignar grusvegar no om våren. Sidan Vestlandet er sterkt overrepresentert når det gjeld grusvegar for allmenn ferdsel, er ogso Vestlandet utan samanlikning det store pøyselandet.

Pøyser om våren hadde – og har – ei sterkt tiltrekkingskraft på ungar og alle som kjenner seg som ungar. Sjå berre på dei aller minste når dei går etter grusvegar, rikt utstyrte med pøyser. Dei går frå den eine pøysa til den andre. Dei hoppar og sprett for å få det brune, grumsete pøysevatnet til å spruta på dei vaksne, eller aller helst krypa opp i støvlane. Her må eg berre vedgå ein ting: eg vart aldri oppglødd over å gå og stampa i vasspøysene korkje om våren eller andre tider. Eg har aldri filosofert over kvifor eg ikkje ville fylgja med dei andre smågutane når dei stokoste seg i pøysene. Det er sikkert ein eller annan freudiansk figur der ute som kan gje meg ei forklaring som eg ikkje er interessert i.

Systrene mine likte å leika i vasspøysene om våren. Dei bada dokkene sine der. Ein gong presterte den største av dei å bada veslesystera i ei pøyse. Ho og veninna kledde av den vesle jenta og plasserte henne i pøysa. Heldigvis kom det vaksne til og fekk ende på leiken. Kanskje var det eit nødvendig innslag i ein herdingsprosess, eller meistringslærdom. Ikkje veit eg. Men det vart godt folk av dei begge.

Elles er det å køyra på ein pøysete veg ei stor utfordring for bilistar, i alle fall når ein skal dela vegbanen med gåande eller syklande. Meir enn ein gong kom eg halvblaut på skulen fordi ein bil ikkje makta å styra unna pøysene når han skulle passera meg. I seinare tid har nedbløyting av uvørne bilar betydd mindre enn då eg var gutunge. Etter mange år i offentlege forvaltning har eg vorte so turr at eg turkar fort oppatt, dersom uhellet skulle vera ute.

Snjo smeltar om våren og samlar seg på ulikt vis, i pøyser, sildrande småbekker, store bekker og buldrande elvar. Eigenleg er denne vårdansen ein høgsong til dei livgjevande kreftene. For meg er rennande vatn sjølve teiknet på liv; både lyd, rørsle og konsistens vitnar om nytt liv, her og no. Berre tenk deg ein tidleg vårdag i ei vestlandsli. Bakkane har so vidt teke på seg den grøne vårhamen medan små bekker av smelta snjovatn surklar og klukkar nedover mot ein større bekk eller ei elv. Godt skjerma frå alle kvardagslydar ned i bygda skaper rennande vatn eit perfekt lydbilete av liv. So får det berre vera slik at pøyser ogso er ein del av denne livgjevande vassdansen om våren. Det er greitt å sjå at andre kosar seg i og med pøyser so lenge eg kan sleppa å vera deltakar. Det er ein klassisk posisjon for dei fleste som trivst med å observera livet rundt seg.

Share

Brøttumsbakkane

Då me flytta frå Hardanger til Lillehammer for godt 30 år sidan, var det nett før Mjøsbrua skulle opnast, og den nye E6-traseen på vestsida av Mjøsa skulle takast i bruk mellom Moelv og Lillehammer. Mange av dei innfødde såg fram til dette, ikkje minst fordi då ville dei unngå dei vanskelege Brøttumsbakkane på den gamle E6. Spesielt vinterstid var det mange problem der, fortalde dei innfødde. Som vestlending, van med Måbødalen, Skjervet og bratte og svingete bygdevegar, forstod eg meir enn vel at å verta kvitt bratte og svingete vegstykke, vil alltid vera eit klårt framsteg for den bilkøyrande manneætta.

Ein sundag tok me ein familietur for å inspisera desse vanskelege Brøttumsbakkane. Me køyrde frå Lillehammer til Moelv, men kunne ikkje sjå bakkar som kunne valda køyreproblem, slik me vestlendingar er vane med. Me køyrde rettnok nedover ei slak strekkje, som nok kunne seiast å vera bakkar. Nokre slake svingar var det òg, men ikkje meir enn som trengst for å kjenna at ein køyrer bil. Det sveiv meg ikkje at dei skulle kunna skapa problem korkje sommar eller vinter. Det var god vegstandard, til og med gul stripe. Det som viste seg å vera Brøttumsbakkane, kunne samanliknast med den nedste og beste delen av vegen opp Måbødalen. Eigenleg ein grepa veg, sett med vestlandsaugo. Gul stripe var elles noko me frå Sørfjorden las om i teoriboka til førarprøven, men opplevde det sjeldan i praksis. Berre når me skulle til Bergen eller kom oss over fjellet til Austlandet, kunne me sjå korleis gul stripe fungerte i praksis.

Raskt kunne eg konstatera at vestlendingar og austlendingar lever på ulike vegplanetar. Eg har kome fram til at det berre er folk med overvettes stor flaks som kan finna på å bu og køyra bil på Vestlandet. Lange strekkjer køyrer du på smale og svingete vegar; på den eine sida høge og rasfårlege fjellknausar, på den andre sida lukt ned i fjorden. Sjølv fekk eg nyta godt av ein høg flakskvote då eg ein januardag i 1959 som den fyrste so vidt fekk passera gjennom ei nyrydda snjoskrede mellom Tyssedal og Odda. Eg var i ein ambulanse, og ærendet mitt var ein sprukken blindtarm som måtte ordnast på Odda sjukehus. Straks etter gjekk ei ny skrede, og då vart vegen stengd i månadsvis.

Kvar gong ein austlending klagar over altfor få firefeltsvegar her aust, gjer eg som om eg ikkje oppfattar kva som vert sagt. Samstundes tenkjer eg på dei som kvar dag, heile året, brukar av flakskvotane sine, der dei køyrer på vestlandsvegar på veg til arbeid, skule, eller rett og slett berre til butikken. Stundom prøver eg å setja dei austlandslokale brøttumsbakke-problema inn i eit vestlandsperspektiv, men er ikkje sikker på om eg når fram.

Kanskje er det naturstridig at det bur folk i vestlandsfjordane. For fleire år sidan, då folk i Hardanger enno kunne nyta godt av daglege båtruter på Sørfjorden, overhøyrde eg nokre turistar diskutera om det kunne bu fastbuande i fjorden. Det var mange hus, det var nok so. Likeins var det etter måten store frukthagar. Likevel vart konklusjonen deira at busetnaden nok måtte vera fritidshus. Det kunne ikkje vera mogeleg å leva og bu der heile året.

Ei lita soge kan illustrera korleis dei innfødde i Hardanger har lært seg å takla framande som ikkje heilt finn seg til rette på dei smale og svingete vegane. Dei innfødde får svært god trening i å rygga; somme gonger kan dei køyra like fort bakover som framover. Somme av dei tilreisande har like teoretisk forhold til det å rygga som vestlendingar har til gul stripe. Ein bussjåfør irriterte seg over dei som alltid gjekk ut ifrå at det var bussen som skulle rygga til nærmaste omkøyring. Når det låg best til rette for den møtande personbilen å rygga, stoppa han, tok fram avisa og venta på at personbilføraren tok til vitet. Mange fekk nok ein ufrivillig test av ryggekunnskapane sine.

Mitt råd til austlendingar som hengjer seg opp i brøttumsbakkeproblem, og som samstundes vurderer å ta ein biltur til Vestlandet: få nokon til å utføra ein grundig usikkerheitsanalyse av flakskvoten din, før du konkluderer. Og komen til fjordavegane, køyrer du heilt og fullt på eige ansvar.

Share