Stikkordarkiv: ytringsfridom

Troll

Då eg var gutunge, var eg redd troll. Me hadde eventyrbøker, der trolla var framstilte som ufyselege figurar. Spesielt eitt troll var ekstra nifst. Det var gygra Gilitrutt (er usikker på skrivemåten) som stod i eit islandsk eventyr. Så vidt eg hugsar, bar ho hovudet under armen og var på alle måtar eit skræmande vesen. Far sa til meg at når mor vart 30 år, kom ho til å sjå ut som Gilitrutt. For ein far, ville vel folk ha sagt i dag. I alle fall, den morgonon mor hadde åremålsdag, sprang eg ned på kjøkenet og inn under kjøkenbordet. Eg stirde stivt i golvet og våga ikkje sjå på mor. Ho visste kva far hadde sagt og fekk etter kvart overtydd meg om at ho  slett ikkje hadde endra seg det slag. Far forstod nok at han hadde overdrive spøken litt og fekk forklart meg at det ikkje var vondt meint.

I grunnen er eg minst like redd dei trolla som dukkar opp i dag. Ikkje fordi dei ser so skræmande ut. Det er heller det at dei er so usynleg synlege. Dei er anonyme, i alle fall er det slik ofte. Dei dukkar opp i nettheimen og spreier hatefulle ytringar om alt dei ikkje likar. Det gjeld det meste som dei får auga på i omverda. Det er heilt greitt at dei har meiningar om alt og alle. Det må tolast i eit demokrati, sjølv om meiningane ofte er tufta på vage førestillingar om det som tykkjest vera rangt og gale. Di mindre fakta, di lettare å skapa seg sterke meiningar. Alt slikt er sjølvsagt dumt for dei det gjeld, men likevel råd å forstå. Derimot maktar eg ikkje med min beste vilje å skjøna at det må rettast hat mot folk med ynske om å kverka personar som ein er usamd med. Skikkeleg brunt vert det når personar vert vurderte og dømde etter kva nasjonalitet, folkegruppe, religion eller hudfarge dei høyrer til. Då ljomar det i minnet mitt utsegner, propaganda og direkte vranglære frå tider og samfunnstilhøve som eg i min naivitet trudde var godt plasserte på den historiske skraphaugen. Men nei då, det meste kan vekkjast til live når ein vil nokon til livs.

Desse nettrolla har eit einståande immunforsvar mot synspunkt og meiningar som går dei i mot. Sak og person er eitt og det same, og det gjeld å ta personen i von om på den måten  å vinna saka. Både hatet og meiningane fanst nok i førdigital tid, men då stoppa ytringane ofte i redaksjonsfilteret. Dei vart verande i dei små gruppene av likesinna eller i kaffidrøset på samvirkelaget. No er hatefulle ytringar berre nokre tastetrykk unna å nå ut til alle.

I ytringsfridomens namn er det grunnleggjande positivt at me stendig vert konfronterete med eit mangfald av ytringar. So får me finna ut av å leva med ytringsfridomens mange paradoks: me må leva med ytringar som tek sikte på å knebla ytringsfridomen til meiningsmotstandarar, kanskje til og med fjerna dei. Stundom får eg eit sterkt ynske om at det skulle finnast eit oppfriskingskurs i Grunnlova, spesielt i kapittelet om menneskerettar, paragrafane 92 til 113. Dei fleste av oss hadde hatt godt av jamlege attersyn med desse paragrafane. Sannsynleg er ynsket mitt eit uttrykk for at eg høyrer til ei gruppe menneske som enno trur at sakleg informasjon kan ha innverknad på dei fleste. No har eg likevel kome i sterk tvil om nettroll som dyrkar hatet som meiningsgrunnlag, er mottakelege for den type kunnskap. Troll ser ut til å vera troll, anten dei opptrer i eventyrbøker eller i nettheimen: den viktigaste oppgåva er å skræma.

Share