Kategoriarkiv: Hardanger-minne

Opptaksprøven

Sjølv om mykje i livet er tilfeldig, er det nokre hendingar som kanskje meir enn andre gjev retning og innhald i livet. For min eigen del trur eg nok at det å klara opptaksprøven til statsrealskulen i Øystese tidleg på 1960-talet fekk mykje å seia for det som hende seinare. Den gongen var det ikkje slik at alle gjekk vidare med skulegang etter avslutta barneskule og framhaldsskule. Somme gjekk tidleg ut i arbeid, andre gjekk på yrkesskular, somme på handelsskular og atter andre søkte seg til realskular. Ungdomsskule i den meininga me kjenner i dag, var det berre nokre få stader, og då som prøveordning.

For oss i Lofthus-bygda var det to alternativ for å gå på realskulen. Geografisk sokna me til realskulen i Odda, men mange av oss ville prøva oss i Øystese. Der gjorde ein seg ferdig med realskulen på to år; Odda hadde normaltida på tre år. I Øystese var det stor søknad frå heile Hordaland og nordre delen av Rogaland, stundom også frå Hallingdal. Det innebar at me som ville dit, måtte gjennom ein opptaksprøve, der dei med best resultat kom inn.

Opptaksprøven vart halden straks etter jonsok og gjekk over fleire dagar. Eg hugsar det godt. Prøvane starta ein måndag, og me måtte vera på plass sundag ettermiddag/kveld. Eg hadde spelt til jonsokdans to netter på rad før eg tidleg sundag ettermiddag reiste med ferje og buss til Øystese. Eg var heller trøytt då eg kom dit i kveldinga. Lærarar tok i mot oss og viste oss dit me skulle bu. Eg hamna saman med fire-fem andre gutar på eit rom i annekset på det som den gongen var Øystese pensjonat. Me var nok spente alle saman, og det var ikkje mykje leven på rommet den kvelden. Me visste at det var 220 ungdomar som skulle tevla om 90 plassar.

Måndag morgon møtte me opp på skulen og vart samla i gymnastikksalen, der me stod tettpakka alle 220. Rektor Ludvig Holmaas skulle informera oss om kva me skulle gjera. Kanskje var det namneopprop også, det kan eg ikkje hugsa. Men det gjekk ikkje mange minuttar før me høyrde ein dunk; ein av ungdomane hadde svima av. Det kom vaksne og tok seg av vedkomande, og rektor starta på nytt. Han hadde knapt sagt to setningar før det sa dunk på nytt: ein ny ungdom hadde fått nok. Ny aksjon for å få liv i den som hadde uvita. Då bad rektor oss setja oss ned, slik at han kunne få fullføra informasjonsøkta si.

Det var nok ikkje berre eg som tykte dette var ein sterk start på den fyrste prøvedagen, då me skulle skriva norsk stil. Oppgåvene hugsar eg ingenting av. Tysdagen var det rekneprøve. Eg må ha tykt at oppgåvene var lette, fordi eg eg vart tidleg ferdig. Medan eg stod på plassen utanfor skulebygningen, stakk ein kar hovudet ut eit vindauga og lurte på om eg alt var ferdig. Eg kunne ikkje nekta for det. So spurte han om namnet, og me prata litt om kven andre som kom frå Lofthus-bygda. Det var det fyrste møtet med Nils Årekol, som i alle åra han arbeidde ved skulen, var ein viktig person for svært mange av dei elevane som i to eller fem år budde på hybel i Øystese.

Dei andre prøvedagane med norsk grammatikk, historie, geografi og naturfag gjekk sin gang. Dei siste kveldane vart nok stemninga litt lettare mellom oss ungdomane då me møttest. Eg hugsar at eg var imponert over nokre lokale bygdegutar som kom på motorsyklar og inviterte jenter med på tur. Korkje motorsykkel eller jenteinvitasjonar låg innanfor «mulighetsrommet» mitt på den tida, for å bruka moderne prosjektterminologi. Ferda gjekk heim til Lofthus torsdag ettermiddag. Det venta sommararbeid på Handelslaget, der eg skulle selja bensin og elles vera butikkdreng.

Nokre veker seinare låg det eit brev frå Øystese statsrealskule og gymnas og venta på meg. Eg var mellom dei heldige. I slutten av august same året, tre dagar etter konfirmasjon og ein månad før eg fylte 15 år, tok eg med meg reisevesker og nokre kartongar til Øystese, der eg skulle koma til å bu dei neste fem åra. Med meg hadde eg ein sum pengar som skulle brukast til hybelleige, skulebøker og mat. Alle var me i same båt: 14-15-åringar som skulle klara seg sjølve. Dei åra vart formande for mange av oss. Der og då opplevde eg åra som gode og meiningsfulle. I ettertid har den positive opplevinga vorte endå sterkare. Det er slik nostalgiske mekanismar fungerer, og takk for det!

Perfekte spelefingrar

Eg vil kalla han Lars; kanskje var det namnet hans også. Han budde på aldersheimen, eller gamleheimen som det heitte på den tid, sjølv om han ikkje var so gamal. Han klarte seg ikkje heilt på eiga hand, og i min barndom var gamleheimen einaste alternativet, med mindre sinnsjukehusa vart rekna som ein meir høveleg tilhaldsstad. Lars var snill, men svært underleg, tykte me borna. Han var musikalsk og song ofte til oss, gjerne litt grove viser, som me visste at me ikkje burde høyra på.

Lars kunne spela hardingfele, og sjølv meinte han at han var ein storspelar. Han var heilt på styr for å halda spelefingrane heilt perfekte. Difor brukte han ikkje nevane sine. Han kunne ikkje risikera å skada dei framifrå spelefingrane sine med vanlege arbeidsoppgåver. Han gjekk med ballar av tøy inne i nevane for å halda fingrane mjuke, eller kanskje var det for å spara dei. Det var ikkje so godt å forstå for oss andre, som ikkje forstod oss på speling og spelefingrar.

Lars hadde eit rom som vende oppover mot den vegen som me borna og alle andre gjekk på. Det var godt innsyn til alle romma på oppsida av gamleheimen. Ein gong såg eg Lars eta middag. Han hadde fått servert fiskebollar i kvit saus. Det var ei stor utfordring for han å eta utan å bruka nevane. Han fekk personalet til å setja middagstallerken i vindaugskarmen. So stilte han seg opp framfor vindauga, la nevane på ryggen medan han bøygde seg ned til tallerken, lepja i seg fiskebollar, saus og poteter. Litt av eit syn for ein ung gut! Ferdig med måltidet, hadde Lars heile andletet fullt av kvit saus. Då gnika han andletet mot vindaugsruta og mot vindaugskarmen for å få av det grøvste av den kvite sausen. Måltidet var over, og han la seg på senga for å kvila middag.

Kvar gong eg les om personar som er meir enn vanleg opptekne av å ha perfekte kroppar, tenkjer eg på Lars som var sjukleg oppteken av spelefingrane sine. Lars ville ha vore like underleg i dag som han var på 1950-talet. Å nekta å bruka nevane ville ha gjort han like hjelpelaus i dag som den gongen og ville ha vorte rekna som like sjukeleg. Vonlegvis hadde han fått anna oppfølging i dag enn det han fekk den gongen.

I dag er det likevel meir vanleg og meir akseptert å vera opptekne av det perfekte. Me opererer oss og bruker kjemiske produkt for å få perfekte kroppar. Slik sett var kanskje fiskebolle-etinga til Lars eit ufarleg uttrykk, i alle fall samanlikna med kirurgiske inngrep og kjemikaliebruk. Han gjorde ingen ting med kroppen sin, han berre nekta å bruka nevane. Hadde Lars brukt nevane sine so nokolunde normalt og heller brukt kjemikalia eller operasjon for å få perfekte spelefingrar, ville han ha vore som mange andre i vår tid. Eit tilleggskrav måtte Lars likevel ha oppfylt i vår tid: han måtte ha hatt godt med pengar. Det hadde han ikkje den gongen, det ville han knapt ha hatt i dag heller.