Dei kjem vestanfrå, skyene

Dei kjem vestanfrå,
skyene,
samlar seg rundt
den steikjande sola,
gjev teikn til
å vilja dekkja
for sola
eit lite bel,
men nei,
i overdriven vyrdnad
for den mektige sola
held dei god avstand,
lèt solvarmen
saumfara alt og alle
der nede på jorda,
medan dei vonar at
dei neste skybankane
vestanfrå
skal oppføra seg
slik dei bør,
velsigna oss alle
med avkjølande væte
og gje oppvaknande liv
til eit tyrst
landskap.