Eg fell lett i stavar

Rett som det er
fell eg i stavar,
har lett for å gjera det,
noko lite fangar interessa mi,
og då har eg det gangande,
fuglen som svevar der oppe,
tenk å kunna flyta slik,
forma på det treet,
kvifor vaks det
på den måten?
den stygge bygnaden i gateløpet,
kva tenkte utbyggjar på?
den aldrande mannen
som stavrar framover,
kva har han opplevt
i livet?

Slik kan stundene gå,
undring og spørsmål
surrar rundt,
får aldri svar,
og det gjer ingenting,
undring og nyfikne
rår grunnen
når ein fell
i stavar.