Eg såg du sat åleine

Eg såg du sat åleine,
hadde fått reservert bord
med plass til fire,
du ville vera åleine,
tok fram ei bok
då forretten
var bestilt,
var tydeleg mykje
interessant å finna
i boka,
hadde knapt tid
til å snakka
med kelneren,
du vart verande
åleine
heile bordseta,
sikkert av heilt fri
vilje,
eit bord for fire
reservert
for éin person
med ei bok,
det kan vera
mykje godt selskap
i ei god bok.