Her sit eg

Her sit eg
i den gamle, gode lenestolen,
armlena vitnar om
mykje sitjing,
har site her
ei stund,
gjer ofte det
medan eg tenkjer
på alt eg burde
ha gjort,
ikkje for det,
det er berre eg
som merkar kva
som burde ha
vore gjort,
og eg sit godt
i stolen,
trur nok eg
vert sitjande,
i alle fall
ei stund til.