Lyden av regn

Regnet auser ned
treffer tak og vegger
lagar ei lydblanding
av tromming og rennande væte
av og til rytmisk
andre gonger
berre brusande kaos
elstra gildt vert det
når det er hol i
takrenna
då kjem det basstrommelydar
kvar gong dei store dropane
slår i underlaget
for retteleg å understreka
at no rår me
regndropar, vassdropar
det livgjevande vatnet

når regnet stoppar
kjem lyden
av ingenting
lyden av den store
stilla.