Måndag er dosettdag
då skal den firkanta plastøskja
fyllast med det som skal
halda livet gåande
ei veke til,
skal fyllast med raude, blå, gule og kvite
tingestar
med merkelege namn,
alle med oppgåve å
halda liv i ein aldrande skrott,
merkeleg logikk, i grunnen,
når dei samstundes klagar over
at me vert so mange,
me er meir som ei tsunamibølgje
som trugar med å skola over
heile samfunnet,
om ei veke kjem ein ny dosettdag,
om ein lever og har helsa.