Når åtte-talet står fyrst,
vert omverda interessert
i deg,
vegvesenet vil testa syn
og kognitive evner,
slik at du framleis
kan få lov å køyra bil,
banken tek kontakt
og fortel
at det meste av reiseforsikring
i kredittkortet
ikkje gjeld lenger,
meiningsmålingsinstitutt
seier du er utanfor målgruppa
for å vera med
i undersøkingar,
alt dette berre fordi eit åtte-tal
står fyrst i den personlege
talrekkja di,
jadå, eg forstår grunnane,
åtte-talet viskar ikkje ut
alt vitet,
likefullt,
åtte-talet er nett det
det er,
eit tal.