Stein under snjo

Under den tjukke snjodyna
anar eg ein stein,
ja, eg veit det er
ein stein,
har site på steinen
mang ein gong,
god å kvila på,
god å tenkja på,
godt å sitja der
og sjå utover landskapet
og inn i seg sjølv

no er steinen gøymd,
ventar på at sol og regn
skal viska vekk
den reine, kvite snjodyna,
og den grå, ruglete steinen
skal på ny
byda seg fram som
festepunkt for eit
kvilande og grublande
menneske.

Godtruande

Ja, eg veit at
ein ikkje bør vera godtruande,
verda rundt meg fortel at
den brutale og kyniske
vinn fram,
styrer statar og
folk,
og med stor støtte,

å tru godt om andre
kan verka som ei sjølvpåførd
straff,
ein må vera veik og dum
når ein viser respekt og godhug
for andre,

likefullt, eg nektar å tru at
respekt, toleranse og
godhug for andre
skal vera eit tapsprosjekt
i framtida,

ja, eg vil framleis vera
godtruande,
om ikkje anna for å gje
barneborna noko
å leva for.