Det er som ein vil
turka av augo
heile tida,
det ligg noko der ute,
skyggjer for synet,
alt er uklårt,
konturar svinn,
alt er ein visuell graut,
slik pakkar skodda
oss inn i ei dyne
me ikkje har bede om,
gjev ikkje varme eingong,
berre gråkald fukt,
står kanskje i stil
med omverda
her og no,
rangt er rett
og rett er rangt,
slik dekkjer skoddedyna til,
sløvar synet
for dei klåre konturane
nei, takka meg til
ei beinklaka natt,
der kaldt er kaldt
og varmt er varmt,
midtimellom-skodde
er berre til å
å lura folk.