Stikkordarkiv: barnebarn

Dei små gledene

Når verda tykkjest hjartelaus,
og voner svevar som uklare
skoddefigurar,
må ein finna glede
i det som er nær,
i smilen som kan høyrast i
ein telefonsamtale,
i musikkstrofa som
gjev gode vibrasjonar,
i spørsmålet frå barnebarnet
om besten har det bra,
utan dei små gledene
er det ikkje lett
å finna store gleder heller.

Det er so lett

Det er so lett å vera oppteken
av alt ein ikkje
er god til lenger,
springa fort oppoverbakke,
lyfta tungt,
svinga seg lenge
og stødig i rudlen,
høyra grashoppelyden
i sommarkvelden

medan eg trekkjer pusten
i motbakken,
kan eg sjå bjørkelauvet blafra
og høyra fuglesongen
fylla stilla,
ein roleg dag
får ekstra liv
når barnebarnet ringjer
og spør
korleis eg har det,
slike gonger er det so lett
å verta glad.