Gardinene vert dregne til sides,
ein ny dag
snik seg inn i rommet,
eg legg han
godt til rette
i armkroken,
han ligg der som ein bukett
med nye sjansar
der eg stavrar ut
i kvardagen,
det vart vel so som so
med sjansane,
som vanleg
endar det opp med
faste rutinar,
det kjende og trygge
er ei god dyne
å pakka rundt seg,
etter kvart legg dagen
seg på plass
i ei veksande rekkje
av dagar som var
før i tida.
Stikkordarkiv: før i tida
Før i tida
Meir og meir vert
før i tida,
den gongen då,
det er so mykje her og no
som minner om
før i tida,
og minnet er raust med
dei bjarte fargane
og gode kjenslene,
slik ruslar me rundt
her og no,
minnest før i tida,
med varsame voner
for framtida.