Stikkordarkiv: fullmåne

Fullmånen

So heng han der,
fullmånen,
i lause lufta
glytter han ned
på oss,
der me pyntar oss
med ovmykje ljos,
men manglar varmen
mellom menneskja,
dei tyner kvarandre
og herjar med den runde kloden
som vert kalla
verda,

merkelege
desse skapningane
som ikkje ser
alt det gode
dei kunne ha
skapt og gjort,
slik tenkjer månen,
der han deler
raust med ljosstrålar
med dei
vinglande
jordeskapningane,

kanskje dei lærer
ein gong,
tenkjer fullmånen,
på veg mot
ein liten
skalk.