Det var før, det,
me skulle verta
gagns menneske,
vera dugande og nyttige
både for oss sjølve
og for samfunnet rundt,
me skulle tenkja
både i eintal og fleirtal
no er det eintal som gjeld,
fleirtal er plundersamt,
ein skal utvikla
potensialet sitt,
verta den beste versjonen
av seg sjølv,
koma seg fram i verda,
og la andre sysla
med sitt,
so lenge dei ikkje hindrar
meg,
det er slitsamt
å vera seg sjølv nok.
ein må vera tilårskomen
for å ha høyrt
om gagns menneske,
og dei fleste har nok gløymt det,
det er so uendeleg lett
å gløyma
at utan alle andre
kan ein ikkje verta
gagns menneske.