Stikkordarkiv: mjølk

Om kvelden smyg dagen seg ut att

Dagen vaknar,
smyg seg inn gjennom
vindauget,
svevnen har gjort sitt
for denne gongen,
det er tid for å
møta kjende vanar
som ventar
der framme,
frukost med kaffi, mjølk
og tre brødskiver,
ei fast stund med meir kaffi
og digitale aviser,
ein runde på pc-en,
kanskje skal det skrivast noko
i dag òg,
telefonsamtaler,
slik at røysta kan reinskast,
handletur på butikken,
passar alltid på at
det er noko som manglar i kjøleskåpet;

nesten det same kvar dag,
faste rammer, faste rutinar,
trygt og traust,

om kvelden smyg dagen seg
ut att,
stille og umerkande.