Dette er ei etterlysing:
ein eldre person
har kome bort
frå heimen sin,
han kan verka forvirra,
kan ikkje gjera greie for seg.
Han lir av minnetap
etter ei ugjerning
der han vart overfallen
både frå høgre og venstre,
mange har mobba han,
gjeve han kallenamnet
«Naiv».
Kledd i fløyelsbukser
og ei parkasliknande jakke,
går han rundt
med hår og skjegg
som lyser av alderdom,
han held seg i bakgrunnen,
prøver å unngå all merksemd.
Møter du han,
snakk venleg og roleg
til han,
prøv å få augekontakt,
bruk tid før du prøver
å få vita namnet hans,
han vil nødig svara.
Når han er trygg på deg,
prøv det verkelege namnet hans:
«Fred»;
svarar han med ein bleik
smil,
kan du ta han med heim,
stell godt med han,
sei til han
at han har eit fint namn,
sjølv om nesten ingen set pris på det.