Stikkordarkiv: telefonsamtale

Dei små gledene

Når verda tykkjest hjartelaus,
og voner svevar som uklare
skoddefigurar,
må ein finna glede
i det som er nær,
i smilen som kan høyrast i
ein telefonsamtale,
i musikkstrofa som
gjev gode vibrasjonar,
i spørsmålet frå barnebarnet
om besten har det bra,
utan dei små gledene
er det ikkje lett
å finna store gleder heller.

November-stille

Stille stunder i november
kan vera sjelelaug,
lauvtomme tre kan skimtast
i eit grått skoddelandskap,
står som beinrangel,
solide
utan fjas,
inne høyrest berre svak sus
av eit balansert ventilasjonsanlegg,
romma er døkke
utan ljos,
tankane flyg på
villstyr,
tenkjer på ei telefonsamtale,
det som skulle ha vore gjort,
men som er utsett til i morgon,
medvitet syp inn den totale stilla,
grå, grå, grå
og frigjerande.