Informasjon om bloggen

Foreldra mine gav meg to førenamn og to etternamn: Jakob Magne Aasen Velure. Førenamna er etter bestefedrane mine, og etternamna frå både mors- og farssida. I alle år har eg berre brukt Magne Velure. Det er den figuren omverda kjenner til. Dei siste åra har folkeregisteret teke meir og meir makt over namnet mitt; i fleire og fleire samanhengar kjem heile namnet mitt fram, anten eg vil det eller ikkje. Somme gonger har eg tenkt: kven kunne Jakob ha vore? Ville han ha vore annleis enn Magne, og i så fall på kva måte? I bloggverda kan eg testa ut dette, og eg lèt Jakob, den ukjende delen av meg, koma til orde gjennom ein blogg som eg kallar Jakobs bok. I perioden oktober 2013 – april 2019 kom det kvar veke nye fredagsord i Jakobs bok; små tekstar, stundom med alvor, stundom med småskjemt og stundom med litt av kvart, slik livet gjerne er.
Den regelbundne publiseringa er avslutta, men du må gjerne sjå innom dei 288 tekstane som ligg i bloggen! Det kan dessutan koma nye tekstar med ujamne mellomrom.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.