Stikkordarkiv: fåmælt

Harding-lynne

Eg likar å tru
at hardingar er utstyrte med
eit felles lynne
som gjer at me kan forstå
kvarandre,
endå til når me er
fåmælte,
ja, nett fordi me
er fåmælte

sanninga er nok,
diverre,
at slikt er berre overtru,
og hardingar likar å tru
at dei ikkje bryr seg
om overtru

enden på visa er difor
at hardingar er lynne-lause
og tru-lause,
forstår dei noko,
er det eit
under

dei er i grunnen
som folk flest.

Share

Snål

Fyrste gongen eg fekk møta ordet ‘snål’ i ei anna meining enn det eg var vane med i Hardanger, var det året tidleg på 1970-talet då me budde i Valdres. Då var det av og til snakk om at personar var snåle. Javel, tenkte eg, det finst sikkert snåle folk her òg, men dei eg har møtt, er no heilt vanlege. Reaksjonen min var tufta på at ‘snål’ betyr ‘underleg’, ‘rar’, ‘litt utanom det vanlege’, ‘merkeleg’. Etter kvart forstod eg at valdresane meinte at folk var ‘trivelege’, ‘kjekke’, ‘omgjengelege’ når dei var snåle. Seinare har eg møtt ‘snål’ fleire stader på Austlandet med den positive tydinga, m.a. i Telemark.

I Norsk ordbok ser det ut til at den positive tydinga har størst utbreiing i landet, utan at eg skal utbrodera  kva det seier om hardingar. Dei er kjende for å vera fåmælte, og  dei snakkar ikkje i positive vendingar i utrengsmål.

Nokre år seinare kom me til Stockholm. Der var det òg snakk om ‘snåle’ folk. Men då tydde det ‘gjerrig’, ‘gniten’. Det var med andre ord ikkje spesielt ‘snålt’ å ha samkvem med ‘snåle’ svenskar. Språk kan vera snålt.

Share