Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt

Innsatsfaktorar

Det er ikkje berre firma og bønder
som kan snakka om
innsatsfaktorar,
kvar morgon set eg
innsatsfaktorane mine
på bordet framfor meg,
kaffi, grovt brød, mjølk,
sur og søt,
diverse pålegg,
og ei samling med
tiltugg frå apoteket,
og ja, eg òg merkar
at kostnadene stig
for mine innsatsfaktorar,
det er ikkje billeg
å halda ein skrott gangande
og skrivande,
det krevst mange faktorar
for å kunna gjera ein
innsats.

Bokryggar

Lèt meg fjetra
av bokryggar,
lange rekkjer
med bokryggar,
fylte med
bokstavar og ord
som sender korte meldingar,
står der og lokkar oss
til å ta ut boka frå hylla,
opna henne,
la boksidene gli
gjennom hendene,
festa augo på
bokstavar og setningar,
kjenna korleis
den opne boka
dreg oss inn
i nye univers,
til ukjende menneske,
somme er ufyselege,
andre er som oss,
snille og fornuftige

desse korte orda
på ein bokrygg
er som nyklar
til store salar
og små kott,
men framfor alt
til dei indre romma
som berre
er våre.