Innimellom søkjer eg livd
i Trump-fri sone,
eg finn meg musikk,
ofte folkemusikk,
det viktige er at tankar og kjensler
kan gli inn i
livskrokar
der kunsten å setja saman
tonar
får ein til å tru,
nok ein gong,
at tilværet
kan vera meiningsfullt
og noko å strekkja
seg etter,
ikkje eingong alarmerande nyhendesendingar
kvar time
kan øydeleggja
taktfaste bogedrag
i ein springar.
Stikkordarkiv: folkemusikk
Medan bombe-eksplosjonar dundra
Medan bombe-eksplosjonar dundra seg
inn i medieoverskrifter,
pakka eg ein koffert
på veg for å møta likesinna
som likar dei positive sidene
ved det å vera menneskje,
som gler seg over
vare tonar
og elegante kroppsrørsler
til musikk.
Tonar og dans har enno ikkje
truga med å utsletta
manneætta,
tvert i mot,
tonar og dans får menneska
til å trivast i sameksistens,
på tvers av generasjonar.
Slikt forstår ikkje styrande
der dei klengjer seg til
militær styrke og makt,
meiner at
tvang, makt og rå styrke
skal gjera samfunna våre
betre.
Dei burde ha høyrt
på vare tonar frå
ein Håstabø-rudl
ein Fykerud-springar
eller ein langeleikslått
og kanskje innsett
at lyden av hugtakande tonar
gjer livet betre
og tryggare
enn lyden av
dundrande bombe-eksplosjonar.