Stikkordarkiv: benk

Gågate-glaning

Handlenettet er fylt med
innhaldet sitt,
eg set meg ned
på ein benk
glanar på folk,
og dei er ikkje få
i gågata på Lillehammer,

sluttar aldri å undra meg over
mangfaldet i menneskekroppar
og påklednad,
somme kler seg for å
løyna seg,
andre for å synast,

dei fleste vandrar sakte
bortetter gata,
ser inn i butikkar,
ser på andre folk,
møter av og til kjenningar,
slår av ein prat,
skratten sit laust,
gågate-prat kan vera humørfylt,

innimellom snirklar det seg ein og annan syklist,
fleirtalet på fjonge batterisyklar,
eit fåtal syklar for eige batteri,

den store majoriteten av kroppar
som flyttar seg gjennom gågata,
er heilt ukjende,
dei vitnar om det ufattelege livsmangfaldet
som eksisterer der ute,
heilt uavhengig
av at eg sit og glanar
på dei

om eg ikkje sat her og glana
på dei vandrande i gågata,
hadde nokon annan gjort det,
og gågate-vandrarane
hadde oppført seg
heilt likt,
uvitande om at
eit undrande menneske
sit og glanar på
ei folkevandring
i ei gågate.

Ukjend gate

Sit på ein benk i
ei ukjend gate
i eit ukjent land

ukjende folk passerer
forbi meg,
heilt ukjende

bak kvar fasade er eit
menneskeliv,
kan berre ana
glede, sut, uro, redsle, forventning
frå den korte stunda dei
fyller synsfeltet mitt

den velkledde i dyr dress
og formsydde sko
legg ikkje merke til
ein gamal mann på benken,
alle eignene er samla i
holete plastposar,
skapnaden målber
eit hardt og vanskeleg liv
der han sit halvsovande
og samankropen

to fasadar,
to liv,
ukjende,
til liks med milliardar
andre fasadar
som aldri
passerer forbi meg.