Stikkordarkiv: smil

Klår i skolten

– Eg er klår i skolten,
sa gamlefar,
med ein brei smil
rundt munnen
og glimt i auga
smaug han seg raskt og annsamt
inn i arbeidet på garden,
han visste kven han var
og kva som skulle gjerast

å kunna vera
klår i skolten
er eit sterkt ynske
for nokon kvar
når dagar og år
samlar seg saman,

gamlefar viser veg,
held det gåande,
klåre skoltar
går ikkje ut
på dato,
– iķkje alltid.

Eg såg han smilte

Han såg ned i gatesteinane
då han passerte meg,
men eg såg han smilte,
litt krylryggja
med gamle og velbrukte klede
skjeggveksten fleire dagar gamal
han merkte seg ut
gjekk her ofte
såg alltid ned
men eg såg han smilte
no er det lenge sidan
eg har sett han
veit ikkje om han smiler lenger
veit berre at sist gong
han gjekk forbi meg,
såg eg han smilte.