Kategoriarkiv: Fag-tekstar

Ti-års-bolkar: eit 50-årsminne

Framsida på Fataburen 1976

Det fylgjer med alderen å minnast i ti-års-bolkar: kvar var du i livet for 20, 30, 40 og 50 år sidan? Året 1976, dvs. for 50 år sidan, var eg, fagleg sett, midt i dei «formande» åra mine. Eg var leiar ved Folkminnessamlingen ved Nordiska museet i Stockholm. Kvar dag reiste eg med pendeltog frå Kungsängen i Upplands-Bro. Me var ein familie på fire som leigde eit fireroms husvære i eit nytt bustadområde. Kvardagane var prega av eit pulserande fagleg liv på museet, kombinert med to timars dagleg reise på fulle togvogner og småbarnsliv på heimebane.

I 1976 fekk eg i oppgåve å redigera det årlege tidsskriftet til Nordiska museet, «Fataburen». Tema skulle vera «Nordisk folktro». Med meg hadde eg Bengt af Klintberg og Reimund Kvideland (1935-2006). Årgangen skulle samstundes vera festskrift for den tidlegare leiaren for Folkminnessamlingen på Nordiska Museet, Carl-Herman Tillhagen (1906-2002). Han runda 70 år. Med ein skandinavisk redaksjon vart det bestemt at me skulle ta imot bidrag på dei skandinaviske språka. Eg fekk i oppgåve å handtera dei praktiske oppgåvene i tillegg til å å skriva ein artikkel om nordisk folketruforsking. Prosessen var svært lærerik; kontakt med kjende og ukjende kollegaer i dei nordiske landa, purrerundar for å få inn manuskript og korrekturar, administrera helsingsliste til jubilanten («tabula gratulatoria»). Saman med ein kollega på museet, Ernst-Folke Lindberg, fekk eg også i oppgåve å utføra ombrekkinga av tekstane frå spaltekorrektur til to-spalta tekstsider. Dette inkluderte også manuell innsetjing av ilustrasjonar, der eg måtte læra å rekna ut kor stor plass kvar illustrasjon skulle ha på sida. Me hadde ein spesiell linjal der den typografiske måle-eininga var «cicero». Prosessen var omfattande og lærerik, og me kom i land til rett tid.

Eg hugsar då styresmannen for Nordiska Museet, Sune Zachrisson (1932-2020), og eg tok drosje ut til Tillhagens villa på Lidingö. Me skulle overrekja han festskrift-varianten av Fataburen på årmålsdagen hans, 17. desember. Eg er litt usikker på om han visste om festskriftet på førehand, men han uttrykte stor glede då han fekk boka, som faktisk målbar eit breitt utsyn over nordisk folketruforsking på den tida. Somme av artiklane dukka opp på pensumlister ved universitet i Norden i åra etterpå.

I ettertid har eg hatt stor nytte av redaksjonserfaringa med Fataburen i 1976. Eg fekk læra meg kva arbeidsoperasjonar som må løysast når ein skal gje ut publikasjonar. Det vart likevel den einaste gongen der eg manuelt har stått for ombrekking av trykksider. Slik sett vart det ein kort relasjon til «cicero».

Soga om garden Museum

Det var ein gong ein gard, ikkje storgard, men heller ikkje småbruk. Garden heiter «Museum». Der budde det fire brør, alle ungkarar. Dei likte å stella med sitt, men forstod at dei måtte samarbeida for å halda garden i hevd.

Eldstemann heitte «Samlaren» og var odelsguten. Han var litt i slekt med Askeladden, fann mykje rart som han måtte samla og ta vare på. Det var so mykje spennande detaljar å sjå på. Dessutan visste ein aldri kva som kunne koma til nytte i framtida. Samlingane vaks og vaks. Nye bygningar måtte på plass for å kunna ta vare på dei veksande samlingane. «Samlaren» bekymra seg ikkje so mykje om det. Han leit på at broren «Vernaren» ville ta vare på samlingane på ein god og sikker måte. «Vernaren» gjekk alltid med kvite bomullshanskar slik at han ikkje skulle øydeleggja dei verdfulle samlingane. Han brukte mykje tid og krefter på å tenkja ut løysingar som gjorde at samlingane kunne takast vare på. Han snakka mykje om magasin, dvs. rom til å plassera samlingar i, og om luftfukt, temperatur og brannfare. «Vernaren» kunne aldri få nok magasin, i alle fall so lenge «Samlaren» gjekk i tilnærma fri dressur.

Tredjemann i flokken var ein livleg og ekstrovert type. Han vart døypt «Formidlaren». Han var levande oppteken av å visa fram alt det fantastiske som fanst på garden. Folk måtte jo få sjå alt det eineståande som hadde vorte samla på. Han var over middels glad i superlativformene av adjektiv. Spesielt likte han å laga utstillingar der ein kan fortelja historier om alt det storarta som hadde skjedd i farne tider. Han hadde gått på kommunikasjonskurs hjå slike som var spesialistar på reklame, du veit slike som skal få oss til kjøpa ting og tenester me ikkje treng. «Formidlaren» opplevde karrierehøgdepunkt når det kom mange folk for å sjå på alt det gjæve garden kunne by på.

Den yngste i flokken var i grunnen ein attpåklatt. Han fekk namnet «Analytikaren». Han kunne verka litt puslete der han gjekk og tenkte på alt det som dei omfattande samlingane kunne fortelja oss. Han var overtydd om at gjennom å tolka alt som var i samlingane, kunne me læra mykje om folk, både som individ og som medlemer av eit miljø. Han ville gjerne skapa ny kunnskap. Best treivst han den gong gjenstandane var unike, då dei kunne fortelja om likskap og skilnad mellom ulike delar av landet.

Den seinaste tiåra har det skjedd omveltingar. «Samlaren» fekk ofte kjeft fordi han samla for mykje. Dei andre på garden begynte å bruka truande ord som «avhending», «kassasjon», ja, til og med innsamlingsstopp. «Samlaren» vart meir og meir handlingslamma og viste tydelege teikn på posttraumatisk stress-syndrom.

«Vernaren» lærte seg eit nytt trolldomsord: «kulturarv», og han slutta å snakka om samlingane som kjeldemateriale. «Kulturarv» lyste av høgtidsstemt dyrking. Vernaren hadde ansvaret for å passa godt på «kulturarven». Kvar gong han uttalte ordet, var det mest som han retta ryggen og slo hælane saman i rein vørdnad. Han forstod at «kulturarv» er overlag viktig fordi politikarar og andre viktige personar vart blanke i augo når dei høyrde ordet «kulturarv».

«Formidlaren» vart opp i ekse over rolla som kulturarvforvaltar. Det var viktig å formidla kunnskap om «kulturarven» til eit aukande publikum. Dessutan kunne han no boltra seg i digitale hjelpemiddel. Dei kunne gjera utstillingane endå meir medrivande og spennande. Kulturarvsamlingane var fyldige utstillingsrekvisittar.

«Analytikaren» treivst dårleg i den kulturarvskodda som breidde seg over garden. Han fekk assosiasjonar til tidlegare tider, då folk var opptekne av «folkesjela», men ingen visste kva det var. Han hadde lært seg at tinga kan tala, men han hadde vanskar med å forstå språket som tinga brukte. Spesielt vanskeleg vart det då dei masseproduserte tinga kom inn i samlingane. Tidlegare kunne ein kniv fortelja mykje om kvar han hadde vorte laga og brukt, og når han vart produsert. I våre dagar ser eit Samsung kjøleskåp heilt likt ut anten det står i Hammerfest eller på Lista. Og kva kan ein få ut av det? For å kunna koma seg ut av kulturarvskodda tek «Analytikaren» av og til i bruk helikopter for å koma ut av skoddeheimen og sjå på museumsgarden med fugleperspektiv. Då kan han studera garden som heilskap og kanskje seia noko om museumsgarden som samfunnsinstitusjon. Det må vera nyttig, tenkte han, og då slapp han dei brysame samlingane som det er so vanskeleg å få noko vitig ut av.

No skuldar eg å fortelja om ein annan tilburd som råka museumsgarden for fleire tiår sidan. Det kom ein innflyttar på garden, ein som påstod at desse fire brørne trong ein gardsstyrar. Brørne var skeptiske, men måtte vedgå at ei fast hand over totaldrifta kanskje ikkje var so dumt. Gardsstyraren var ordrik, men brukte ofte forkortingar for å kunna seia mest mogeleg på kortast mogeleg tid. Han tok namnet «Adm.dir.», snakka gjerne om HR, HMS og likte å setja skrifta på veggen, der han starta kvar setning med eit punkt, eller «dot» som det heiter på «adm.dir.»-språk. «Power Point» vart det kalla og skulle vera svært so kraftfullt. Ikkje minst snakka gardsstyraren ofte om botnlinja, som aldri måtte stå med raud skrift. Då kunne den allmektige i Grubbegata begynna å bry seg, og den allmektige var ikkje å spøkja med. Det er den allmektige i Grubbegata som skaffar museumsgarden årlege driftsmidlar.

Livet på museumsgarden har gått sin gang i mange år. Det er aldri heilt ro der. Soga er på ingen måte avslutta, tvert imot. Ein kan kanskje seia «snipp, snapp» – men enno har ingen funne snute.