Informasjon om bloggen

Foreldra mine gav meg to førenamn og to etternamn: Jakob Magne Aasen Velure. Førenamna er etter bestefedrane mine, og etternamna frå både mors- og farssida. I alle år har eg berre brukt Magne Velure. Det er den figuren omverda kjenner til. Dei siste åra har folkeregisteret teke meir og meir makt over namnet mitt; i fleire og fleire samanhengar kjem heile namnet mitt fram, anten eg vil det eller ikkje. Somme gonger har eg tenkt: kven kunne Jakob ha vore? Ville han ha vore annleis enn Magne, og i så fall på kva måte? I bloggverda kan eg testa ut dette, og eg lèt Jakob, den ukjende delen av meg, koma til orde gjennom ein blogg som eg kallar Jakobs bok. I perioden oktober 2013 – april 2019 kom det kvar veke nye fredagsord i Jakobs bok; små tekstar, stundom med alvor, stundom med småskjemt og stundom med litt av kvart, slik livet gjerne er.
Den regelbundne publiseringa er avslutta, men det kjem stendig nye tekstar i bloggen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *