Kategoriarkiv: Ukategorisert

Trivlar etter ord

Du veit kanskje ikkje kva ‘trivla’ betyr? Jau, det er når du leitar i blinde, i mørkeret, litt hjelpelaus, kanskje litt redd, veit ikkje heilt kva du skal gjera eller seia. Eg trivlar ofte etter ord. Dei er so vanskelege å finna, i alle fall dei rette orda, dei som kastar ljos, set ting på plass, dei som får ein sjølv og andre til å seia: nettopp, slik er det! Nettopp-orda ligg ikkje akkurat i dagen, dei er som sjeldne gullklumpar i eit hav av sandgjørme. Hjartelause tilstandar i verda hjelper heller ikkje på trivlande vandringar etter ord som kunne teikna opp ei betre framtid for barneborna våre. Det er fordi ord i seg sjølve ikkje kan endra realitetane her og no; i beste fall kan dei påverka det som skal henda. Når uvissa i verda har ein negativ dåm, vert det ekstra krevjande å finna ord som gjev voner for framtida. Det enklaste er å setja på seg skylappar, leita opp dei gledene som ligg nett rundt ein, smilen ein kan lesa ut av ei telefonsamtale, musikkstrofa som gjev dei gode vibrasjonane, spørsmålet frå eit barnebarn om besten har det bra, ynsket frå nokon om å bidra med det ein enno kan. Dei små gledene i livet er kanskje det beste fundamentet for at det skal finnast store gleder i samfunnet.

Nett no ser det ut til at sola skal kjempa seg gjennom skoddehavet som har lege tett sidan morgonen.

Busstur med stadnamn-messe

Det hender eg reiser med buss for å ta meg frå aust til vest og attende. Nyleg reiste eg til Bergen på denne måten. Lettvint og behageleg kan ein sjå på busetnad og landskap utan å nistira på vegbane og gul stripe. På attendevegen tok eg Skyss-bussen frå Bergen til Seljestad.  På ein stor skjerm framme i bussen kom det opp informasjon om komande haldeplassar. Nyttig på alle vis. Når det på strekninga er 110 haldeplassar, innebar det at det kom opp namn på nye haldeplassar med nokre minutt mellomrom. Det var flest haldeplassar i tilknyting til tettstader. I tunellane mellom Jondal og Odda var det naturleg nok korkje haldeplassar eller stadnamn.

I tillegg til meldingane på på den store skjermen kom det over høgtalarane ei distingvert, behageleg, bergensk kvinnestemme som annonserte haldeplassane etter kvart som dei dukka opp. Ho hadde tydeleg uttale og presteliknande intonasjon slik at eg var freista til å svara på kvar annonsering med eit «Amen», slik det er ei messe verdig.

Sjølv om haldeplassannonseringa lett kunne oppfattast som litt masande, fekk eg raskt godhug for heile opplegget. Namna på haldeplassane var ofte lokale stadnamn kopla saman med -«vegen», -«krysset» osv. Stadnamna fortel ofte om menneskeleg aktivitet i ei fortid. Stundom er dei berre døme på at folk har hatt evne til å beskriva eit landskap eller ein detalj i naturen. Bussturen vart slik sett ei ferd gjennom lokalhistorie, der eg rett som det var, undra på kva dei ulike stadnamna kunne bety. «Gaupås», «Bjørkhaug», «Takvam», «Gullbotn», «Hisdal», «Mørkhølen», «Teigen», «Tokagjelet», «Kaldestad», «Skiftesgjelet», «Vikane», «Askane», «Egne Hjem», «Sveinsgjerd», «Grønsdal», «Smørtjørnsmoen» – haldeplasslista inneheld 110 namn, og dette er berre ein liten smakebit.

Somme namn er sjølvforklarande, andre kjende eg til sidan reiseruta på mange måtar gjekk gjennom eit landskap eg har kjent sidan barneåra. Dei fleste kunne eg likevel ikkje finna forklaring på. Då kunne eg gå til Norsk stadnamnleksikon for å sjå om namnet var kome med der. Statens kartverk kan òg vera til hjelp somme gonger.

Alt i alt vart bussturen meir interessant enn dei fleste andre kollektivturar eg har opplevt. Opplegget til Skyss er so absolutt ei messe verd.