Stikkordarkiv: Lillehammer

Gågate-glaning

Handlenettet er fylt med
innhaldet sitt,
eg set meg ned
på ein benk
glanar på folk,
og dei er ikkje få
i gågata på Lillehammer,

sluttar aldri å undra meg over
mangfaldet i menneskekroppar
og påklednad,
somme kler seg for å
løyna seg,
andre for å synast,

dei fleste vandrar sakte
bortetter gata,
ser inn i butikkar,
ser på andre folk,
møter av og til kjenningar,
slår av ein prat,
skratten sit laust,
gågate-prat kan vera humørfylt,

innimellom snirklar det seg ein og annan syklist,
fleirtalet på fjonge batterisyklar,
eit fåtal syklar for eige batteri,

den store majoriteten av kroppar
som flyttar seg gjennom gågata,
er heilt ukjende,
dei vitnar om det ufattelege livsmangfaldet
som eksisterer der ute,
heilt uavhengig
av at eg sit og glanar
på dei

om eg ikkje sat her og glana
på dei vandrande i gågata,
hadde nokon annan gjort det,
og gågate-vandrarane
hadde oppført seg
heilt likt,
uvitande om at
eit undrande menneske
sit og glanar på
ei folkevandring
i ei gågate.

Hatten min

Denne hatten har følgt meg i 30 år. Eg hugsar godt då eg kjøpte hatten i slutten på februar i 1992. Det var dei sokalla «Vinterspillene» på Lillehammer, ein festival som gjekk nokre år før og etter OL i 1994. På Maihaugen var det ei form for husflidsmesse. Då dei skulle pakka seg ned, kom eg forbi etter arbeidstid. På eit bord låg eit par tova hattar, laga av ein tilverkar frå Øyer. Eg feste meg ved ein med eit fargerikt band og kjøpte hatten. Han kom på hovudet med ein gong, og seinare har eg brukt han kvart år i vinterhalvåret. Han har pynta hovedet mitt i inn- og utland og tolt både snjo og væte.

I seinare år har det hendt at nokon har kommentert hatten. Ja, ein gong midt på Karl Johans gate ropte ei bergensdame (!) og skrytte av hatten min. Det er nok fyrste og siste gong ei bergensdame addresserer meg på Karl Johan.

Sopass har eg forstått at det ligg solid handverk bak hatten min som har halde seg so godt i 30 år. Han kan nesten kallast eit berekraftig kleplagg. Det fargerike bandet gjev han eit livleg preg og balanserer eit elles litt grått preg. Det er ikkje alltid det skal so mykje til for å kvikka litt opp. Og hatten er i stand til å stikka seg ut i gatebiletet i mange nye vinterhalvår, både her og der.