Sol-laus godvêrsdag

Eg ser ho er der,
sola,
men berre skinet,
sjølve sol-lekamen
gøymer seg bak
åskammen,
dei lysande strålane
som strekkjer seg oppover mot himmelen,
fortel at
ho er der,
sola,
vissa om at nokon
er der,
kan vera nok,
synlege strålar frå dei
usynlege
gjev sol-lause godvêrsdagar
von med meining.

Share