Stikkordarkiv: snjo

Vårgrå grus

Tunet var dekt
av snjo og is,
slik det høver seg
her nord,
vinterstid.
I går endra tunet seg,
det stakk fram litt
grus,
is og snjo minka,
gråe grusen breidde seg,
godgjorde seg i sola,
kviskra farvel til
kulde og snjo,
ropte ut til omverda:
her kjem eg fram på nytt,
vårgrå grus,
traust og trygg,
knirkar under føtene,
varslar om
vår i vente.

Share

Sludd

Kan ikkje vera lett
å vera sludd,
ei blanding av snjo og regn,
korkje det eine
eller det andre,
ei blanding som prøver å vera to ting
på ein gong,
rennande, livgjevande væte
og frosne vassdropar.
Sludden vil so mykje,
men lagar berre
kald væte;
ublid lagnad,
kan ein vel seia.

Share