Forfatterarkiv: Magne Velure

Leikande menneske

Framandt folkeslag
dei leikande menneska,
har alltid stått
på god avstand
og observert
dei leikande eksemplara
av manneætta,
ikkje utan misunning
og halvdøyvde ynske
om å kunna slutta seg til
flokken av dei leikande.

På den andre sida,
for det finst minst
to sider,
nokon må vera tilskodarar
som kan observera og
setja pris på dei som
gler omgjevnaden sin
som leikande menneske.

Kvar har sin plass.

Eg såg du sat åleine

Eg såg du sat åleine,
hadde fått reservert bord
med plass til fire,
du ville vera åleine,
tok fram ei bok
då forretten
var bestilt,
var tydeleg mykje
interessant å finna
i boka,
hadde knapt tid
til å snakka
med kelneren,
du vart verande
åleine
heile bordseta,
sikkert av heilt fri
vilje,
eit bord for fire
reservert
for éin person
med ei bok,
det kan vera
mykje godt selskap
i ei god bok.