Stille stunder i november
kan vera sjelelaug,
lauvtomme tre kan skimtast
i eit grått skoddelandskap,
står som beinrangel,
solide
utan fjas,
inne høyrest berre svak sus
av eit balansert ventilasjonsanlegg,
romma er døkke
utan ljos,
tankane flyg på
villstyr,
tenkjer på ei telefonsamtale,
det som skulle ha vore gjort,
men som er utsett til i morgon,
medvitet syp inn den totale stilla,
grå, grå, grå
og frigjerande.
Stikkordarkiv: stille
Vårmorgon
To hender søkjer etter
kvarandre
vårmorgonen er tidleg og
stille
hender finn kvarandre
ordlaust trykkjer dei
god morgon
i bjørka kvitrar fuglar
ein vårsong,
dei kvitrar til
kvarandre.