Den svarte dagen

black fridayEg må berre innsjå det: eg er ein klakaskadle når det gjeld handling, eller shopping, som det heiter på ny norsk. Det har eg teke konsekvensen av. Eg bestemmer meg alltid på førehand kva eg skal kjøpa. So skriv eg ei handleliste, gjerne der rekkefylgja på varene er slik at eg kan gå i ei fast rute i butikken. Det gjeld fyrst og fremst matbutikken. Denne fredagen skulle eg gjera litt helgeinnkjøp, som vanleg. Som pensjonist kan eg handla på dagtid ein vanleg fredag føremiddag. I tillegg til matvarene på handlelista skulle eg ha nokre drikkeglas. Slikt er av og til nødvendig når ein er ein treneve i oppvasken. Drikkeglasa gjorde at eg for ein gongs skuld måtte køyra til kjøpesenteret. I det lengste prøver eg å unngå slike stader, men denne dagen måtte eg til pers.

Eg av garde straks etter opningstid. Der fekk eg det fyrste sjokket. Bilar over alt, slik det brukar å vera siste laurdagen før jolaftan. Eg fekk lirka meg til ein parkeringsplass og kunne vandra i  folkestraumen mot kjøpesenteret. Svarte ballongar var klistra oppetter vegger og ved inngangsdørene. Store, svarte plakatar med «Black Friday» lyste mot meg. I og for seg var det ikkje alarmerande. Eg har no lese om både «Black Metal» og «Black & Decker», so heilt uinformert er eg ikkje. Men etter kvart forstod eg at denne svartskapen var uttrykk for at butikkane hadde svart gode tilbod på alt, sjølv om det berre galdt slikt som eg ikkje trong nett denne fredagen.

Eg tok meg i å studera alle desse personane som vandra ut og inn av butikkane. Somme var striøygde som skogakattar, på leit etter det svartaste og beste tilbodet.  (Eg skal ikkje nemna kjønn, det kan verka diskriminerande). Ikkje tale om at alle desse kunne vera pensjonistar eller andre som på naturleg måte har tid til å strøva rundt på eit handlesenter ein fredag føremiddag. Her var folk som måtte vera i sin beste, arbeidsføre alder. Det kunne ikkje vera mange arbeidslause heller, fordi Oppland har den lågaste arbeidsløysa i heile landet. Her var skuleelevar og studentar, som burde sitja og sveitta over pensumbøker før tentamen eller eksamen. Men nei du, her trengde dei seg saman i butikkar og på kafear, der kaker, baguettar, kaffi og annna drikkande gjekk ned på høgkant. Du hendelse for eit svartmuska handelsliv.

På veg heim såg eg to bilar som tydelegvis hadde møtt kvarandre, heilt utan å vilja det. I forbifarten såg eg at den eine bilføraren var svart i augo og raud i ansiktet. Svartskapen slo tydelegvis til i mange samanhengar. Eg oppdaga at på den altfor lange tida eg måtte bruka på kjøpesenteret, hadde vêret mildna. Det som såg ut til å verta ein god snjosole for ei kvit jol, kom rennande i mot meg på den svarte asfalten. Det vart bokstavleg tala ein svart start på adventstida.

Vel heime seig eg ned i godstolen og tenkte at neste svarte fredag skal eg ikkje forvilla meg inn på eit kjøpesenter. Eg må skaffa meg ein app som varslar meg to veker på førehand, slik at eg kan planleggja noko meir fornuftig neste gong svartfredagen dukkar opp.

Om eg fekk ordna med drikkeglas? Jau då, eg fekk kjøpt glas og vart utyrst denne fredagen òg. Dagen ordna seg i grunnen på stempla vis, til slutt. Eg åt komla og røykjekjøt saman med gode kjenningar på kvelden. Etter ein slik dag vil eg hevda at eg fortente ei trivnadstund.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.