Handa stryk varleg over
eit sovande kinn,
andletet smiler
med attlatne augo,
to hender finn
kvarandre,
ynskjer kvarandre
god morgon,
stundom har stunder
med vaknande realitetsorientering
ei djupare meining.
Stikkordarkiv: sovande
Slumrestunder
Vaknar altfor tidleg
til å stå opp,
søkjer inn i slumreland,
er både sovande og
vaken,
tenkjer på det
som skal gjerast,
burde ha vore gjort,
burde ha vore usagt,
formulert annleis,
leikar med dersom-tankar,
kva hadde skjedd
dersom…
vaknar etter ei god stund,
medvitet tek inn røyndom
og klokkeslett,
på tide å vekkja til live
kaffitraktaren.