Stikkordarkiv: springar

Trump-fri sone

Innimellom søkjer eg livd
i Trump-fri sone,
eg finn meg musikk,
ofte folkemusikk,
det viktige er at tankar og kjensler
kan gli inn i
livskrokar
der kunsten å setja saman
tonar
får ein til å tru,
nok ein gong,
at tilværet
kan vera meiningsfullt
og noko å strekkja
seg etter,
ikkje eingong alarmerande nyhendesendingar
kvar time
kan øydeleggja
taktfaste bogedrag
i ein springar.

Sørfjordspringaren. Historie og tradisjonslinjer.

I 1960-åra var eg aktiv i folkedansrørsla i Hardanger. Dei seinaste åra har eg på nytt sysla litt med dansemateriale. Det har m.a. resultert i ein artikkel som er publisert i Hardanger historielags årbok for 2024. Her er ein pdf-versjon av artikkelen, der nokre feil er retta opp. Den som heller vil ha ein bok-versjon, kan kjøpa årboka frå:

Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 Granvin.
Tlf: 918 45 719, post@hardanger-historielag.no.

sørfjordspringar 2