Kategoriarkiv: Fag-tekstar

Det overnaturlege som identitetsmarkør for folkemusikk

På folkemusikk.no har eg skrive ein artikkel om «Det overnaturlege som identitetsmarkør for folkemusikk». Der gjer eg greie for korleis tussar, huldrer, troll og Fossegrimen smaug seg inn i det offentlege synet på folkemusikk. Artikkelen kan også lesast her i pdf-format. Trykk på lenkja nedanfor.

trollstemt pdf

 

Share

Avisa «Hardangeren» 27. desember 1873

Faksimile av framsida på fyrste nummeret av «Hardangeren».

Tredje joledag, 27. desember 1873, vart besto mi, Marita Velure, f. Espe (1872-1962), eitt år gamal. Ho fekk nok ikkje med seg at same dagen vart avisa «Hardangeren» introdusert for lesarar i Hardanger. Bak tiltaket stod Johannes Helleland (1840-1913) frå Lofthus og Oddmund T. Børve (1850-1934) frå Øvre Børve. Sistnemnde hadde drive med litt ulike sysler før han starta med trykkeri på ein naustlem i Nausto (Børve-nausto). Prenteverket, ei handpresse, hadde Oddmund skaffa seg i Hamburg.

Johannes Olsson Helleland var ein svært sentral person i Ullensvang i mange år. Husmannssonen frå Helleland var krambudreng i Bergen før han tok utdanning på lærarseminaret på Stord. Deretter var han lærar fleire stader før han i 1869 bokstavleg tala vart kalla heim til Ullensvang for å leia Hardanger folkehøgskule på Lofthus. Skulen opna 4. november 1869, og skulen heldt det gåande til 1898. I 1870 var Helleland med å starta Ullensvang privatbank. Der var han kasserar til han døydde i 1913. I to periodar var han ordførar. I tillegg var han han vararepresentant og møtande representant på Stortinget i fleire omgangar for partiet Venstre og Moderate Venstre.

I 1873 var han styrar for folkehøgskulen, bankkasserar og tok i tillegg på seg redaktøransvaret for avisa «Hardangeren». I fyrste nummeret frå 27. desember 1873 har Johs Helleland ein programartikkel der han fortel kva vekeavisa skal stå for. I artikkelen går det fram at det har vore  tidlegare forsøk på å gje ut ei avis i distriktet, men at det stranda. I opningsartikkelen vert det vist til at byavisene i liten monn er interesserte i det som skjer utover bygdene. Difor er det nødvendig med eigne aviser som kan fortelja om alt det interessante som skjer i grendene. Det vert invitert til å senda inn meldingar og diskusjonsinnlegg. Redaksjonen skriv vidare:

«Enkelte av vore Læsere vente vel, at vi skal begynde med et Program, der skulde betegne vor Stilling til Partierne. Isaafald maa vi beklage, at de blive skuffede; thi Partierne i de kommunale Sager forekomme os at være utallige med ”ein og tvo i Flokken”, og da er vi vel lovlig undskyldte, om vort Parti-Standpunkt er uklart, og hvad det hele Lands Partier angaar, saa tænker vi, Bladets Indhold snart vil vise vort Forhold til dem. Men paa den anden Side maa man ikkje tro, at vi vil give os Mine af at være fulstendig ”upartiske”, saa vi skulde have Ævne til at staa over eller udenfor Partierne; det tror vi, man nok kan inbilde sig, men aldrig gjennemføre. Med et Ord, vi forbeholde os i ethvert Tilfælde at tage Parti for hvad er Ret, vel at mærke Ret efter v o r Overbevisning. Men det falder af sig selv, at de modsatte Synsmaader ogsaa ma faa Lov at komme tilorde.”

Helleland vedgår at det beste ville ha vore om avisa hadde skrive på landsmålet, men det let seg ikkje gjera. Innsendt tilfang skal likevel sjølvsagt publiserast på den målforma som vert brukt av forfattaren.

I det fyrste nummeret er det m.a. referat frå skulekommisjonen i Ullensvang, meldingar frå Frankrike og Spania og meldingar frå Verdens Gang og Bergens Tidende. Avisa kan òg melda at det hadde stått feil i innbjodingsbrevet om å teikna abonnement på «Hardangeren». Portoen for halvåret skulle vera 8 skilling, ikkje 5, som det hadde stått i brevet. Bladet kosta elles 40 skilling i halvåret.

Johs. Helleland står som redaktør fram til september 1877. Då vert det kunngjort at Nils Nilson Skaar (1850-1948), lærarkollega til Johs. Helleland, overtek redaktørfunksjonen. Han var òg ordførar i mange år i Kvam og stortings-/vararepresentant for Venstre i mange periodar.

Nyårsaftan 1877 vert det kunngjort at frå 1878 skiftar avisa namn til «Søndre Bergenhus Folkeblad» med Nils Skaar som redaktør. Dermed byrja eit nytt kapittel med ei dei eldste lokalavisene i landet. Avisa bytte namn i 1901 til «Hordalands Folkeblad» og i 1945 til «Hordaland Folkeblad». Tre generasjonar Skaar var redaktørar i 113 år. Ikkje rart at avisa den dag i dag har tilnamnet «Skaara-lappen».

I dei 211 nummera som kom ut som «Hardangeren», finn ein mykje interessant lokalmateriale som gjer at ein kan gå i djupna på det som hende i Hardanger på slutten av 1800-talet. Slike detaljar kan ofte vera nyttige når ein skal laga seg oppfatningar om historiske tilhøve.

Faksimile av framsida på siste nummeret av «Hardangeren» med kunngjering om namneskiftet.

Kjelder:
Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, bd. 4:2, 1971.
Olav Kolltveit: Ullensvang Privatbank gjennom 75 år. 1870-1945.

Share